Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Klassereise

Lytt til podkastepisoden om klassereise. Leo Ajkic fortel om reisa si. I oppgåva skal du gjere både forarbeid og etterarbeid til podkasten.
Portrett av programleiaren Leo Ajkic med blå trøye og open boblejakke. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forarbeid

Før du lyttar til podkasten, kan du setje deg saman med ein eller to i klassen og diskutere kva de veit om klassar, klassesamfunn og sosial mobilitet frå før av. Det kan vere lurt å notere ned nokre stikkord.

Kva veit de om det følgjande?

  • Kva er sosial mobilitet? Er det stor eller liten sosial mobilitet i Noreg?
  • Kva veit de om klassar i Noreg? Er Noreg eit klassesamfunn?
  • Kva betyr det å ha gjort ei klassereise? Kjenner de nokon som har gjort ei klassereise?

Lytt til podkast

Raud notatbok med papir stikkende ut. I forgrunnen står teksten «Heilt personleg». Foto.
Heilt personleg

Klassereise

I denne podkastepisoden fortel Leo Ajkic om klassereisa si, frå barndommen i Bosnia og i Bergen, til å bli ein kjend programleiar i TV og radio. Han snakkar òg om observasjonane sine av klasse både de...

0:00
-0:00

Etterarbeid

  1. Leo Ajkic har vore gjennom mykje på sin veg til der han er i dag. Kva er du mest overraska over om historia hans?
  2. Som barn flytta Leo frå borgarkrigen i Bosnia til eit av dei fattigaste strøka i Bergen. Korleis opplevde han sjølv dette området?
  3. Leo skil mellom ei økonomisk klassereise og ei personleg klassereise. Kva meiner han med det?
  4. Kva meiner Leo om å sjå seg sjølv i andre?
  5. Ifølgje Leo handlar både dei rikaste og dei meir fattige i dei same butikkane. Kva får ein fattig ungdom til å jobbe for å bruke pengar på å kjøpe statussymbol som Gucci-belte?
  6. Korleis har klassereisa til Leo endra synet hans på seg sjølv?
  7. Etter å ha lytta til podkasten, fekk du eit anna syn på klasse enn du hadde før?

Relatert innhald

"Brorskap og enhet" er skriven av Leo Ajkic. Teksten er publisert i boka Third Culture Kids (Naqvi, 2019).

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi og Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 11.02.2022

Læringsressursar

Sosial mobilitet