Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva er sosial mobilitet?

I Noreg er sosial mobilitet eit ideal. Det skal vere mogleg å klatre frå botnen til toppen av samfunnet. Men kva er eigentleg sosial mobilitet? Kva for nokre ulike former for mobilitet har vi, og kva kjenneteiknar den sosiale mobiliteten i Noreg i dag?

Oppgåve 1) Kva er sosial mobilitet?

Diskuter før de ser filmen.

  1. Kva er sosial mobilitet? Gi konkrete døme.

  2. Kvifor er det viktig å ha sosial mobilitet i eit samfunn?

Oppgåve 2) Sosial mobilitet

Sjå filmen og svar på spørsmåla.

  1. Kva er forskjellane på intergenerasjonell mobilitet og intragenerasjonell mobilitet? Gi konkrete døme.

  2. Kva er strukturell mobilitet? Gi konkrete døme.

  3. Kva kan bidra til å fremje og hemme auka sosial mobilitet?

  4. Er det nokon forskjellar i synet på sosial mobilitet mellom Ivar Østby frå Arbeidarpartiet og Oda Solberg frå Høgre? Grunngi svaret.

  5. Kva er forskjellen på individrelaterte og samfunnsrelaterte årsaker til sosial mobilitet? Gi konkrete døme.

  6. Diskuter kvifor mobilitetsmønsteret i Noreg er så stabilt, spesielt blant dei som er høgt eller lågt plassert i samfunnet.


Oppgåve 3) Fordjupingsoppgåve om strukturell mobilitet

  1. I figuren over finn du ein enkel modell av strukturell mobilitet i Noreg. Forklar modellen ved hjelp av eigne ord og døme.

  2. Finn nokre konkrete døme på ulike former for sosial mobilitet. Bruk gjerne kjende personar eller di eiga slekt og familie, t.d. besteforeldre eller tippoldeforeldre.

  3. Reflekter over korleis den sosiale mobiliteten vil endre seg i Noreg i framtida. Trur du at det blir høgare eller lågare sosial mobilitet? Grunngi svaret.


Kjelder

Schiefloe, P.M. (2019). Menneske og samfunn (3. utg.). Vigmostad & Bjørke.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2021

Læringsressursar

Sosial mobilitet