Ulikskap og sosial mobilitet i Noreg
Sjå filmen over, og svar på spørsmåla.
Kvifor trur du det er langt fleire valdshendingar på fly med businessklasse, og spesielt der dei som reiser med økonomiklasse, må gå gjennom businessklasse?
Kva er forskjellen på sosial mobilitet i Noreg og USA?
Korleis har den sosiale ulikskapen utvikla seg i Noreg?
Kva kan store sosiale og økonomiske forskjellar føre til?
Diskuter korleis sosial ulikskap kan påverke den sosiale mobiliteten i Noreg.
Tenk kritisk: I filmen kjem programleiaren med dei følgjande to påstandane og hevdar at det er ei motsetning mellom dei:
Vi misliker at nokon har meir enn oss.
Vi treng påskjønning for å gjere noko.
Diskuter om desse to påstandane stemmer, og om det verkeleg finst ei grunnleggjande motsetning mellom dei.Tenk kritisk: Både programleiaren Harald Eia og deltakaren Anne Kari Lande Hasle har god lønn og er høgt oppe i det norske samfunnhierarkiet. Trur du framstillinga av sosial ulikskap i Noreg ville ha vore annleis dersom dei som var med i og laga programmet, stod nedst nede på samfunnsstigen? Grunngi svaret.
Les NDLA-artikkelen "Sosial mobilitet: føresetnader og konsekvensar" som er under relatert innhald, og svar på spørsmåla under.
Kva for individuelle eigenskapar trur du er viktige for å lykkast i samfunn som det norske?
Finn intervjuar på nett med nokre personar som har lykkast innanfor eit område av samfunnet. Kva for individuelle eigenskapar trekkjer dei fram som viktige for at dei har lykkast?
Samanlikn det norske samfunnet med eit anna samfunn eller Noreg for to hundre år sidan. Diskuter kva for individuelle eigenskapar som skal til for å lykkast i dei to ulike samfunna.
Kva for strukturelle føresetnader er viktige for sosial mobilitet? Grunngi svaret.
Diskuter kva for strukturelle endringar vi kan gjere i det norske samfunnet for å få endå høgare sosial mobilitet?
Noreg er eit land med relativt høg sosial mobilitet samanlikna med andre land, men det betyr ikkje at det er lett å klatre frå botn til topp i det norske samfunnet.
Skriv ein tekst der du reflekterer over positive og negative sider ved den sosiale mobiliteten i Noreg.
Ta gjerne utgangspunkt i teksten Klassereisen (maddam.no) av Malin Lenita Vik, og prøv å bruke dei følgjande fagomgrepa i teksten:
intergenerasjonell mobilitet
intragenerasjonell mobilitet
strukturell mobilitet
utdanningsmobilitet
økonomisk mobilitet
yrkesmobilitet
Relatert innhald
Det finst fleire ulike føresetnader for sosial mobilitet, og både høg og låg sosial mobilitet kan ha positive og negative konsekvensar.