Sosial mobilitet i USA og Noreg
Thomas Seltzer reiste heim til barndomsheimen sin i USA og møtte eit samfunn han ikkje kjende igjen. Sjå dokumentaren under, og jobb med oppgåvene individuelt eller i gruppe.
Korleis blir "den amerikanske draumen" beskriven i dokumentaren?
Detroit var ein av dei rikaste byane i verda. Kva er årsaka til at han no er ein av dei fattigaste?
Kva seier Robert Putnam om den amerikanske draumen?
Kven er det som lykkast i det amerikanske samfunnet, ifølgje Robert Putnam?
Omgrepet sosial mobilitet kan definerast som korleis individ eller grupper flyttar seg mellom ulike sosiale posisjonar (Giddens 2016).
Med utgangspunkt i dokumentaren: Kva er det som påverkar dette i det amerikanske samfunnet?Samanlikn USA og Noreg ved å bruke Social Mobility Index (reports.weforum.org). Kva er forskjellar og likskapar mellom dei to nasjonane med tanke på utdanning, arbeidsmoglegheiter og inntekt?
Harald Eia, som òg er sosiolog i tillegg til programleiar og komikar, samanliknar sosial mobilitet i Noreg og USA i teksten - Den amerikanske drømmen er en løgn (nrk.no). Han bruker inntekts- og lønnsmoglegheiter, altså økonomisk kapital, for å forklare forskjellen mellom dei to landa.
Ta utgangspunkt i Bourdieus tre kapitalformer, og diskuter korleis sosial mobilitet bør eller kan målast. Du finn fagstoff om Bourdieu i relatert innhald.
I sosiologi og sosialantropologi heng tema som sosial mobilitet, sosial forskjell og klasseskilje nært saman.
Diskuter kva konsekvensar sosial mobilitet kan få for sosial ulikskap og klasseskilje?
Drøft kva konsekvensar høg og låg sosial mobilitet kan føre til i ulike samfunn som USA og Noreg?
Diskuter og vurder kva teoriar vi kan bruke for å utforske fenomen som sosial mobilitet, sosial ulikskap og klasseskilje.
Giddens, A., Duneier, M., Appelbaum, R. P. & Carr, D. (2016). Introduction to Sociology (10. utg.). W. W. Norton & Company.
Relatert innhald
Ifølgje den franske sosiologen Pierre Bourdieu kjem dei sosiale klasseforskjellane av ei systematisk skeivfordeling av makt og ressursar.