Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er sosial mobilitet?

Sosiale system er bygde opp av forskjellige roller, og fordelinga av gode og byrder er ulik mellom dei forskjellige rollene. Rollene kan endre posisjon, og individa i samfunnet kan flytte seg oppover eller nedover på den sosiale rangstigen. Dette kallar vi sosial mobilitet.
Ei karrierekvinne med raud koffert klatrar opp ein stige som står på ein plen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Graden av sosial mobilitet varierer frå samfunn til samfunn. Dette har samanheng med fleire forhold. Det er for eksempel avgjerande korleis sjølve rekrutteringa til dei ledige rollene går føre seg, og korleis fordelinga av gode er mellom rollene.

Rekruttering

Rekrutteringa kan vere open eller lukka. Ved open rekruttering kan i utgangspunktet kven som helst oppnå ei rolle, så lenge dei skaffar seg dei nødvendige kvalifikasjonane. Føresetnaden er at det er nok ledige roller, og at det er mogleg å kvalifisere seg til dei. Utdanningssystemet må med andre ord gje samfunnsmedlemmane moglegheit til å kvalifisere seg. Det må også vere tilpassa ledige roller som det også er behov for i samfunnet.

Lukka rekruttering betyr at ein må ha tildelte kvalifikasjonar for at ein skal kunne gå inn i ei viss rolle. Eit eksempel på dette er det indiske kastesystemet. Allereie ved fødselen er det bestemt kva for roller du kan ha gjennom livet, sidan du blir fødd inn i ein bestemt kaste.

Relatert innhald

Alle menneske hamnar i ein eller fleire båsar. Her skal vi sjå nærmare på eit døme: det indiske kastesystemet.

Fordeling av gode

Nokre sosiologar seier at fordelinga av gode kan ha noko å seie for mobiliteten i eit samfunn. Ei skeiv fordeling av gode kan føre til at folk får ein personleg motivasjon til å klatre på den sosiale rangstigen og dermed skaffe seg fleire gode. Motsett vil ei jamn fordeling av gode kanskje føre til at nokon ikkje blir motiverte til å klatre på den sosiale rangstigen, ettersom det ikkje fører til fleire gode.

CC BY-SASkrive av Leonhard Vårdal og Kristin Sundstrøm.
Sist fagleg oppdatert 26.06.2019

Læringsressursar

Sosial mobilitet