Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Sosial mobilitet i ulike samfunn

I denne oppgåva skal du samanlikne, reflektere over og drøfte sosial mobilitet med utgangspunkt i det indiske kastesystemet og det norske samfunnet.
Personar står i ein pyramide i sju etasjar. Ein person står ved sida av og held ein lang stige. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

  1. Les fagartikkelen Det indiske kastesystemet (ndla.no), og sjå undervisningsfilmen under frå NRK Skole om kastesystemet i India.

  2. Skriv ei kort samanfatning i stikkordform av det viktigaste innhaldet i artikkelen og filmen.

Oppgåve 2

  1. Diskuter i gruppe eller par: Er det mogleg for menneske som er "fanga" i eit så strengt system å jobbe seg oppover i hierarkiet?

  2. Les fagartikkelen Kastesystemet: jati og sosial mobilitet (ndla.no), og summer opp i gruppe eller par kva sosial mobilitet i form av kasteklatring er. Forklar korleis det kan skje.

Oppgåve 3

Sjå filmen under om sosial mobilitet i det norske samfunnet.

Skriv eit refleksjonsnotat der du samanliknar og reflekterer over sosial mobilitet i det indiske kastesystemet og det norske samfunnet, og kva konsekvensar høg og låg sosial mobilitet kan føre til.

Bruk omgrepa intergenerasjonell mobilitet, intragenerasjonell mobilitet og strukturell mobilitet i refleksjonsnotatet.

CC BY-SASkrive av Kristin Sundstrøm.
Sist fagleg oppdatert 07.06.2021

Læringsressursar

Sosial mobilitet