Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Pøblar

Korleis kan marginalisert ungdom bli betre integrerte i samfunnet? Pøbelprosjektet vart starta i Stavanger i 1997 og jobbar for å få ungdommar tilbake i jobb eller utdanning. Dei gjennomfører eit seks veker langt kurs og følgjer opp ungdommane i ettertid. Vi ser ein film om prosjektet og diskuterer.
Sju ungdommar sit ved eit bord og lyttar. Foto fra filmen Pøbler.

Oppgåve 1 – før de ser filmen

Før de ser filmen, diskuter det følgjande:

  1. Kva legg de i ordet «pøblar»?
  2. Kvifor trur de dei har valt å kalle det «Pøbelprosjektet»?
  3. Viss de skulle ha laga eit seks vekers kurs for å få marginaliserte ungdommar tilbake i jobb eller utdanning, kva ville de ha fokusert på å lære dei?
Kva er marginalisering?

Marginalisering er ein prosess der enkeltindivid eller grupper blir skyvde ut i ytterkantane (marginane) av samfunnet. Når du er marginalisert, er du i ei gråsone der du verken er heilt på utsida eller heilt på innsida. Det kan til dømes vere tilfellet viss du ikkje får fast jobb, droppar ut av skulen eller har problem med rusmiddel.

Oppgåve 2 – etter at de har sett filmen

Sjå filmen og svar på dei følgjande spørsmåla:

  1. Var det noko som overraska deg i filmen? Grunngi svaret.
  2. Kva var nokre av årsakene til at ungdommane i filmen blei marginaliserte?
  3. Korleis jobbar Pøbelprosjektet for å inkludere ungdommane i samfunnet?
  4. Når marginalisering på eitt område leier til marginalisering på andre område, seier vi at marginaliseringa er kumulativ. Finn eksempel på at ungdommane i filmen blir utsette for kumulativ marginalisering, og forklar korleis dei ulike formene for marginalisering kan ha verka saman.
  5. I Pøbelprosjektet får ungdommane praktisk kunnskap og evner, og dei møter klare og tydelege krav og forventningar. Dei jobbar òg med å opparbeide ei betre sjølvkjensle og gode relasjonar til dei andre ungdommane i gruppa og dei vaksne på kurset. Reflekter over korleis desse faktorane verkar saman, og kvifor det er viktig å jobbe med dei samtidig for å kunne lykkast med eit slikt prosjekt.
  6. Pøbelprosjektet har lykkast med å få fleire ungdommar i arbeid som tidlegare kanskje ville ha droppa ut av skulen. Diskuter korleis ein kan endre den norske skulen for å gi eit betre tilbod til dei ungdommane vi møter i filmen.

Oppgåve 3 – refleksjonsnotat

Vel ein av personane i filmen. Skriv eit refleksjonsnotat om hans eller hennar veg inn i og ut av ein marginalisert posisjon. Ta gjerne utgangspunkt i dei følgjande spørsmåla:

  • Kva var dei viktigaste årsakene til at han eller ho vart marginalisert?
  • Kva slags hjelp fekk han eller ho på kurset som hjelpte dei vidare? Grunngi svaret.
  • Kva kan han eller ho gjere sjølv, og kva slags oppfølging og hjelp har han eller ho behov for vidare framover?
  • Kva for nokre ulike teoriar om sosiale avvik og marginalisering kan du bruke for å kaste lys over hans eller hennar situasjonen?

Relatert innhald

Marginalisering er ein prosess der einskildindivid eller grupper blir skyvde ut i ytterkantane (marginane) av samfunnet.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 08.12.2020

Læringsressursar

Marginalisering, utanforskap og inkludering