Årsaker til kriminalitet og marginalisering
Litt etter klokka åtte om morgonen, måndag 5. april 2004, startar det største ranet i noregshistoria. Ni tungt væpna ranarar angrip Norsk kontantservice i Stavanger. Under ranet blir ein politimann drepen, og ranarane slepp unna med 57 millionar kroner. Etter nokre månader blir ranarane fanga og dømde til lange fengselsstraffer, men berre ein liten del ransutbyttet blir funnen. Dei fleste av ranarane hadde ein lang kriminell løpebane bak seg. Kva er forklaringa på at nokre menneske startar med kriminalitet og kjem heilt ut i randsona av samfunnet?
Når vi skal finne ei forklaring på sosiale avvik og marginalisering, kan vi skilje mellom to hovudtypar av forklaringar. På den eine sida har vi individforklaringar. Dei fokuserer på enkeltindivid og forklarer avvik eller marginalisering ut frå personlege val eller individuelle eigenskapar. Det kan til dømes vere psykiske lidingar, aggresjon, spenningssøking eller manglande empati, sosial kompetanse og impulskontroll.
På den andre sida har vi strukturforklaringar. Dei fokuserer på samfunnet og forklarer avvik og marginalisering ut frå sosiale strukturar, som økonomisk forskjell og fordeling av makt og prestisje. Ut frå dette perspektivet kan vi til dømes forklare kriminalitet med fattigdom, vanskelege familieforhold, dårleg utdanningstilbod, låg status og manglande moglegheiter.
Årsakene til sosiale avvik og marginalisering er ofte komplekse. For å få ei best mogleg forståing er det derfor vanleg å trekkje inn fleire ulike teoriar og perspektiv.
Rasjonelle val
Ifølgje teorien om rasjonelle val handlar sosiale avvik og marginalisering om dei vala kvar person gjer. Ved hjelp av fornufta veg menneske fordelar og ulemper ved ulike handlingsalternativ og vel det som i størst mogleg grad fremjar dei eigne interessene deira.
Viss ein person vurderer faren for straff som langt mindre enn moglegheita for suksess, kan personen til dømes velje å bryte lova for å skaffe seg pengar. Ut frå denne teorien kan det løne seg for samfunnet å satse på meir politi og strengare straffer. Når sjansane for å bli oppdaga blir større og dei negative konsekvensane av kriminalitet aukar, vil rasjonelle aktørar ifølgje denne teorien velje det vekk.
Kontrollteori
Kontrollteorien byggjer på teorien om rasjonelle val. Ifølgje denne teorien er det ein samanheng mellom sosiale avvik og marginalisering og kor tett ein er knytt til samfunnet. Jo tettare integrert du er i samfunnet, jo meir har du å tape på å bryte normer og reglar. Viss du har sterke sosiale relasjonar til andre personar, er sterkt engasjert og involvert i samfunnet rundt deg, og har sterk tiltru til dei normene og verdiane samfunnet er bygd på, er det mindre sannsynleg at du gjer kriminelle handlingar.
Ein person som er nært knytt til foreldra sine, har investert mykje tid og krefter i utdanning, og har sterk tillit til det samfunnet dei er ein del av, har meir å tape på å bryte normer og reglar enn personar som er marginaliserte. Dette kjem av at dei er tettare vovne inn i samfunnet og er utsette for ein sterkare sosial kontroll. Viss du derimot droppar ut av skule og arbeidsliv, vil banda til samfunnet rundt deg blir svekte og gjere det lettare og mindre kostbart for deg å gjere noko ulovleg. Ifølgje denne teorien kan ein derfor motverke sosiale avvik og marginalisering ved å inkludere alle i eit tettare sosialt fellesskap.
Stemplingteori
Ifølgje stemplingteorien er samfunnet med på å definere og kategorisere nokre menneske som avvikarar. Når ungdommar kjem i konflikt med normer og forventningar, vil miljøet kunne svare med å stemple dei som avvikarar. Dei blir tillagde negative eigenskapar og blir skyvde ut av det miljøet dei tidlegare var ein del av. Etter kvart vil dette stempelet òg kunne påverke måten dei ser på seg sjølv, identiteten og sjølvbiletet deira.
Stemplinga, eller stigmatiseringa, vil ifølgje denne teorien kunne fungere som ein sjølvoppfyllande profeti. Den unge femtenåringen som blir stempla som ein forbrytar eller rusmisbrukar, kan oppleve å bli skyvd ut av samfunnet. Deretter vil dei i aukande grad begynne å sjå på seg sjølv som ein kriminell eller rusmisbrukar. På denne måten blir dei fanga av det biletet andre har av dei, noko som igjen gjer det lettare å halde fram med rus og kriminalitet. Det er derfor viktig å bryte den vonde sirkelen så tidleg som mogleg og til dømes hindre at ungdommar blir sette i fengsel saman med eldre og meir erfarne kriminelle.
Konfliktteori
Konfliktteorien tek utgangspunkt i maktforholda i samfunnet. Ifølgje denne teorien er lover og reglar laga for å verne interessene til dei på toppen av samfunnet. Dette forklarer kvifor det er ei overvekt av utsette grupper i fengsel. Sidan lovbrot som ran og tjuveri er ein trussel mot dei rike og mektige, blir dette slått hardt ned på, mens økonomisk kriminalitet blant eliten sjeldnare blir etterforska og blir straffa mildare. Dei skeive maktforholda forklarer òg kvifor etniske minoritetar, som ikkje høyrer til eliten, blir utsette for diskriminering og marginalisering.
Ut frå denne teorien kan kriminalitet og avvik bli sett på som opprør mot eit urettferdig og undertrykkjande samfunn. Viss ein skal forhindre kriminalitet og marginalisering, må ein først og fremst endre maktforholda i samfunnet og gjere noko med dei sosiale strukturane som skaper diskriminering og fattigdom.
Anomi og sosial oppløysing
Viss normer, verdiar og den sosiale kontrollen i eit samfunn blir svekt, kan individ bli desorienterte og miste fotfeste, noko som igjen kan føre til ein auke i kriminalitet, sosiale avvik og marginalisering. Denne tilstanden med normoppløysing kallast anomi – frå det greske ordet for «lovløyse» – og kan mellom anna oppstå som ei følgje av store samfunnsendringar.
Innvandrarungdom, som veks opp mellom to ulike kulturar, kan til dømes fangast mellom ulike krav og forventningar. Då kan det vere lett å bli uviss og leite etter tilhøyrsel i gjengar og subkulturar på sida av samfunnet. Viss mange ressurssvake personar med ulikt etnisk bakgrunn flyttar til ein bestemd bydel, kan det òg oppstå ei manglande fellesskapsfølelse, noko som igjen kan skape grobotn for kriminalitet og marginalisering. Det har dessutan skjedd ei aukande individualisering i vestlege samfunn – enkeltindivid blir i aukande grad overlatne til seg sjølv. I takt med at normer, verdiar og sosial kontroll blir svekte, kan risikoen for avvik og marginalisering auke.
Sosial frustrasjonsteori
Ei anna forklaring på sosiale avvik og marginalisering, ifølgje Robert K. Merton, er manglande moglegheiter. Viss nokon ikkje har moglegheit til å oppnå dei måla som samfunnet set opp, vil det føre til stress og frustrasjon. Denne frustrasjonen kan mellom anna føre til kriminell innovasjon eller tilbaketrekking. Ved kriminell innovasjon prøver ein å nå dei måla og ideala samfunnet set opp ved hjelp av ulovlege middel. Ved tilbaketrekking gir ein heilt opp å nå måla og trekkjer seg i staden vekk frå samfunnet.
I samfunnet vårt er det til dømes eit mål at du skal få ein jobb og tene pengar slik at du kan kjøpe ei rekkje materielle gode. Viss du ikkje opplever at dette er noka realistisk moglegheit, kan du anten prøve å oppnå desse materielle goda ved hjelp av tjuveri og ran, eller du kan trekkje deg vekk frå samfunnet gjennom rusmisbruk.
Ifølgje denne teorien vil det derfor vere meir sannsynleg at dei som står lågast på den sosiale og økonomiske rangstigen, bryt lova eller blir marginaliserte fordi det er vanskelegast for dei å oppnå dei måla som samfunnet set opp. Ein måte å motverke kriminalitet på ifølgje denne teorien vil vere å gi alle grupper i samfunnet moglegheit og høve til å lykkast.
Subkulturar
Ifølgje denne teorien kan subkulturar føre til sosiale avvik og marginalisering. Ein subkultur, eller delkultur, er ei underavdeling av ein større kultur. Han kan ofte ha andre normer og verdiar enn resten av samfunnet og kan bindast saman av felles symbol, musikksmak, stil, språk og identitet.
Som ein del av ein gjeng kan ungdommar bli lærte opp til å bryte med samfunnet. Kriminelle handlingar og bruk av ulovlege rusmiddel, som blir sett ned på av resten av samfunnet, kan innanfor gjengen gi auka status og heider. Innanfor gjengen får du kameratskap, styrke og ei oppleving av meining, samtidig som du blir ståande i opposisjon til resten av samfunnet.
Ein måte å førebyggje kriminalitet ut frå dette perspektivet er å hindre rekruttering til belastande subkulturar, noko ein kan gjere ved å tilby ungdommane alternative aktivitetar og ei alternativ tilhøyrsel. Til dømes kan dette vere gjennom fritidsklubbar, utdanning eller arbeidstrening.
Finstad, L. & Høigård, C. (Red.). (2007). Kriminologi. Oslo: Pax.
Giddens, A. & Sutton, P. W. (2017). Sociology (8. utg.). Cambridge: Polity Press.
Jensen, E. (2013, 12. mai). Levekår og kriminalitet. Henta frå https://krus.brage.unit.no/krus-xmlui/handle/11250/160431
Schiefloe, P. M. (2019). Mennesker og Samfunn (3. utg.). Oslo: Vigmostad & Bjørke.
Øia, T. (2013). Ungdom, rus og marginalisering. Oslo: Cappelen Damm.