Hopp til innhald
Oppgåve

Utforsk årsaker til kriminalitet

Kvifor blir nokon kriminelle? Lytt til kva forbrytarane fortel sjølv, utforsk kriminalitetsstatistikken, og undersøk ulike årsaksforklaringar.

Oppgåve 1. Møte med to kriminelle

Lytt til podkasten under. Noter nøkkelord frå samtalen undervegs. Svar deretter på spørsmåla under podkasten.

Raud notatbok med papir stikkande ut. I forgrunnen står teksten «Heilt personleg». Foto.
Heilt personleg

Om utenforskap: Kriminalitet

I denne podkasten om utanforskap, snakkar programleiar Marthe Sveberg med Awais Malik og Emil/Don Belizio om erfaringane deira med kriminalitet.

0:00
-0:00
Podkast: Moderne Media AS / CC BY-SA 4.0
  1. Kva er dei viktigaste årsakene til at Emil og Malik blei kriminelle?

  2. Kva kunne dei sjølve og samfunnet ha gjort for å forhindre det?

Oppgåve 2. Teoriar om kriminalitet

Lytt gjennom podkasten i oppgåva over, og svar på spørsmåla. Ei oversikt over teoriar om kriminalitet finn du i artikkelen «Årsaker til kriminalitet og marginalisering».

  1. Finn du nokre likskapar i det Malik og Emil fortel om?
  2. Malik var med i B-gjengen, medan Emil var med i Barnevernsbanden. Finn ut meir om kven desse gjengane var og kvifor dei var så berykta.
  3. Kva teoriar om kriminalitet kan best forklare at Emil og Malik blei kriminelle? Du finn ei lenkje til ein artikkel som beskriv ulike teoriar og årsaksforklaringar nedst på sida.
  4. Kva teoriar om kriminalitet meiner du passar dårlegast på forteljinga til Emil og Malik? Grunngi svaret.
  5. Ta utgangspunkt i dei ulike forklaringane på kriminalitet som du meiner passar best på Emil og Malik. Korleis kunne samfunnet forhindra at Malik og Emil blei kriminelle?
  6. Korleis kan du bruke nokre av dei ulike teoriane om kriminalitet til å forklare kvifor det er så vanskeleg å slutte å vere kriminell?

Oppgåve 3. Utforsk kriminalitetsstatistikken

Gå inn på SSB og finn den nyaste statistikken om kriminalitet. Grunngi svara dine ved å vise til den relevante statistikken.

  1. Kva slags lovbrot er vanlegast i Noreg?
  2. Kva kjønn og kva aldersgrupper utfører mest kriminalitet?
  3. Kvifor trur du det er så store forskjellar mellom kjønn og aldersgrupper når det gjeld kriminalitet?
  4. Kvar i Noreg finn du mest kriminalitet?
  5. Kvifor trur du det er mest kriminalitet på akkurat desse stadene?

Oppgåve 4. Utforsk bakgrunnen til ein kriminell

  1. Vel eit konkret lovbrot der gjerningspersonen har stått fram og fortalt om bakgrunnen sin. Viss du til dømes vel Nokas-ranet, kan du finne ut kven som deltok i ranet og søkje dei opp på nettet. Fleire av ranarane har stått fram og fortalt om bakgrunnen sin i media.
  2. Beskriv kort lovbrotet og korleis gjerningspersonen sjølv forklarer kvifor han eller ho braut lova. Ta med alle relevante opplysningar om den sosiale bakgrunnen, oppvekstmiljøet og dei personlege eigenskapane til gjerningspersonen.
  3. Samanlikn skildringa gjerningspersonen gav, med ulike teoriar om kriminalitet. Du finn ei lenkje til ein relevant artikkel nedst på sida. Diskuter kva forklaringar som passar best på den gjerningspersonen du har valt.
  4. Kva teoriar og årsaksforklaringar på kriminalitet meiner du passar dårlegast på den gjerningspersonen du har valt? Grunngi svaret.
  5. Vel ut dei tre eller fire årsaksforklaringane du meiner er best, og plasser dei på ein skala mellom individ- og strukturforklaringar (sjå illustrasjonen under).
  6. Diskuter til slutt om det er individforklaringar eller strukturforklaringar som best forklarer kvifor gjerningspersonen i ditt døme blei kriminell.

Relatert innhald