Utforsk drapsstatistikken
I desse oppgåvene skal du utforske drapsstatistikken. Du kan bruke denne oversikta frå nettsidene til politiet: Nasjonal drapsoversikt (politiet.no).
Oppgåve 1. Utforsk drapsstatistikken
Bruk 10 minutt på å undersøkje dei ulike tabellane i drapsstatistikken.
Noter ned tre ting du synest var spesielt interessant.
Del med ein medelev, og forklar kvifor nettopp dette var interessant.
Vel saman med medeleven to tema som de kan tenkje dykk å utforske, og jobb vidare med dette.
Del det de har kome fram til med resten av klassen.
Oppgåve 2. Drapsårsaker
Bruk drapsstatistikken til å setje opp ei liste over nokre kjenneteikn på dei som gjer drap, og dei som er offer.
Lag ein hypotese om kva som kan vere viktige årsaker til drap i Noreg. Bruk kjenneteikna du har funne fram til i oppgåve a) over og teoriane om kriminalitet i artikkelen lengst nede på denne sida.
Kvifor kan du ikkje bruke drapsstatistikken til å forklare kvifor nokon faktisk drep eller til å forklare dei faktiske årsakene til drap?
Beskriv korleis du må gå fram for å undersøkje om hypotesen du kom fram til i oppgåve 2 verkeleg stemmer.
Relatert innhald
Kvifor bryt nokre menneske normer og reglar og endar opp i ytterkantane av samfunnet? Ulike teoriar om sosiale avvik og marginalisering gir ulike svar.
Kva er forskjellen mellom statistisk samanheng og årsakssamanheng? Kvifor er representativt utval viktig? Kva er anekdotiske bevis og cherry picking?