Hopp til innhald

Fagstoff

Normalitet og avvik

Avvik er eit vanleg omgrep i samfunnsvitskapane, og det betyr rett og slett at du avvik frå det som blir rekna som normaliteten. Her skal vi sjå nærare på omgrep som normalitet, avvik og sanksjonar.
Eit par sett frå livet og ned som held hender under Oslo Pride. Begge er i shorts. Den eine går med nettingstrømper og den andre med regnbogestrømper. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Normer og avvik i alle samfunn

Alle samfunn har nokre felles normer og eit sett med reglar for korleis vi fortolkar desse normene. Alle samfunn har òg ei form for sanksjonar overfor dei som bryt normene. Dei som ikkje passar inn, blir vurderte som avvikarar. Ifølgje Thomas Hylland Eriksen er det her likskapane sluttar i dei ulike samfunna. Som han skriv:

"Hvor grensene går for normalitet, hvilke abstrakte oppfatninger som eksisterer med hensyn til hva som er normalt og hva som er unormalt, hva slags institusjoner som tar hånd om avvikerne og hvilke sanksjoner som iverksettes, hvilke metoder som gjør det mulig å transformere noe normalt til noe unormalt, alt dette varierer historisk og krysskulturelt."

Vi skal no sjå på kva normalitet er, og kva avvik er når det gjeld dei meir uformelle sidene av dette.

Normalitet

"Normalt" er eit ord vi bruker ofte, kanskje utan at vi reflekterer over kva vi meiner med det. I vår del av verda har det noko med gjennomsnittet å gjere. Vi kan sjå på det normale som det gjennomsnittlege.

Når vi snakkar om normalitet, kan det handle om alt frå fysikk, altså kropp, til kultur og normer i samfunnet.

Normaliteten er eigentleg det fleirtalet vil seie er normalt. Men så er det altså alltid nokon som ikkje høyrer heime her, anten fordi dei medvite vel det, eller fordi dei avvik på andre måtar.

Tenk over:

Kva reknar du som normalt?

Kva som blir rekna som normaliteten, har variert opp gjennom historia, og det varier òg frå kultur til kultur. Det same gjeld då med kva som blir rekna som avvik. Ofte kan vi seie at avvika er det som pressar grensene framover for kva som blir rekna som det normale.

Heilt fram til 1970-talet var sex mellom menn forbode i Noreg, og det er ikkje mange tiåra sidan det å stå fram som homofil i offentlegheita i Noreg ikkje var vanleg. I vår tid har vi hatt statsrådar og sentrale personar i norsk kultur- og sportsliv som er ope homofile, så det å vere homofil er for dei fleste i dag ikkje sett på som eit sosialt avvik. I andre land kan det å vere homofil derimot vere forbode, eller lovgiving kan ha gjort det vanskelegare å leve som homofil.

Avvik

Avvik handlar om ikkje å passe heilt inn i det som blir rekna som normaliteten. Det å avvike frå normaliteten kan dreie seg om at du ser annleis ut, at du kler deg annleis, eller at du har ein annan kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk. Andre måtar å avvike frå normaliteten på er å vere narkoman, kriminell eller å bu på gata.

For somme er det å avvike frå normalen eit medvite val, mens for andre kan avviket bety at ein fell utanfor. Det vil då vere naturleg å tenkje på sosiale avvik i samanheng med utanforskap, marginalisering og kulturelle forskjellar.

I nokre samanhengar kan det vere vanskeleg å skilje mellom det å avvike frå normalen og eit opprør. Vi snakkar gjerne om ungdomsopprør, eit behov for å skilje seg ut for å flykte frå kvardagen eller prøve å få til forandring. Dette er kanskje ikkje like aktuelt for det breie laget av ungdom i dag, då mellom anna Ungdata-undersøkinga viser at ungdom i staden for å gjere opprør anstrengjer seg for å tilpasse seg.

Sanksjonar

Dei som avvik frå normaliteten, kan oppleve ulike reaksjonar, eller sanksjonar, på avviket. Ein skil mellom negative sanksjonar, som er det same som straff, og positive sanksjonar, som er det same som påskjønning. Når vi snakkar om gale og rett og lovleg og ulovleg, har vi lover og reglar å forhalde oss til, og ein blir straffa for brot på lovene. Vanskelegare er det når det handlar om å vere annleis på ein eller annan måte.

Vi har snakka om å kjenne seg utanfor, men dette kan òg handle om å bli sett utanfor samfunnet, at du ikkje får vere med i sosiale samanhengar med andre, eller at du har vanskelegare for få deg ein jobb.

Men sosiale avvik kan òg gi positive sanksjonar. Når vi gir positive sanksjonar, ønskjer vi å forsterke ønskt åtferd.

Tenk over:

Kva sanksjonar kan avvik møte?

Kan du gi døme på positive sanksjonar?


Kjelder

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2021

Læringsressursar

Sosiale avvik