Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Nye former for utanforskap

Vi deltek alle i ulike sosiale arenaer gjennom livet, i ulik grad og ofte med ulike premissar. Kva kan føre til at nokon blir skuva utanfor ein sosial arena? Her finn du oppgåver som hjelper deg å reflektere over dette.
Fire trekvite leddokker står i ei gruppe og ser ut som dei snakkar saman. Ei raud leddokke står bak dei, har ryggen til og ser ned i bakken. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den danske dokumentarserien Mannefall følgjer ei gruppe menn som alle er einslege og barnlause. Fleire er ufaglærte eller har låg utdanning, nokre er arbeidsledige, og nokre har helserelaterte utfordringar.

Er det slik at menn blir marginaliserte og opplever utanforskap i samfunnet i dag? I denne oppgåva skal du reflektere over og drøfte dette spørsmålet.

Oppgåve 1. Forarbeid

Jobb i grupper på tre eller fire.

  1. Ta utgangspunkt i nøkkelorda som er lista opp under.

    arbeid
    utdanning
    familie
    vener
    økonomi
    helse
    kjønn

    Diskuter og reflekter over korleis ulike sosiale forhold kan verke saman og påverke moglegheita menneske har til deltaking i arbeidsliv og samfunnsliv.

  2. Diskuter korleis de forstår og tolkar omgrepa marginalisering og utanforskap.

Oppgåve 2. Skriftleg oppgåve


Oppgåve 3. Etterarbeid

Diskuter i grupper: Kva kan bidra til å skape eit meir inkluderande arbeids- og samfunnsliv for slike menn som blir skildra i dokumentaren?

De kan bruke punkta under for å kome i gang med diskusjonen.

  • Korleis kan mennene bli ein del av arbeidsmarknaden?

  • Korleis kan mennene få seg partnar eller familie, viss dei ønskjer det?

  • Korleis kan dei få betre helse, både psykisk og fysisk?

  • Kva faktorar er det viktigast å starte med for at dei skal bli betre inkludert i samfunnet?

  • Kven bør ha ansvaret for å endre situasjonen deira? Mennene sjølv, samfunnet dei lever i eller begge partar?

CC BY-SASkrive av Kristin Sundstrøm.
Sist fagleg oppdatert 21.05.2021

Læringsressursar

Marginalisering, utanforskap og inkludering