Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er rasisme?

Rasisme kan vere bevisste handlingar som byggjer på ei ideologisk overtyding. Det kan òg skje mindre bevisst, utan at det ligg nokon rasistisk intensjon bak.

Drapet på Benjamin Hermansen

Drapet på Benjamin Hermansen skjedde i 2001 og har vorte ståande igjen som eit spesielt mørkt kapittel i norsk kriminalhistorie. Det er mange grunnar til det, og noko av det mest openberre er at Benjamin vart drepen eine og aleine på grunn av hudfargen sin. Drapsmennene var sjølverklærte nynazistar. I tillegg til å handle om eit bestialsk drap på ein uskyldig gut vekkjer drapet til live minna om nokre av dei mest undertrykkjande regima, terrorangrepa og massedrapa i nyare historie. Vi får assosiasjonar til Nazi-Tyskland, apartheid og Ku Klux Klan.

Ordet rasisme blir ofte kopla til slike ekstreme ideologiar, undertrykking og massedrap, og derfor har omgrepet ei kraft og ein verknad få andre omgrep har. Språket vårt inneheld ei rekkje omgrep som kanskje somme gonger kan brukast som alternativ: diskriminering, framandfrykt, framandhat, sjåvinisme, ekskludering. Felles for desse omgrepa er at dei ikkje har den same slagkrafta som rasisme.

Kva er rasisme?

Ordet rasisme viser til ordet rase og vart brukt første gong på 1930-talet av motstandarar mot det rasistiske og antisemittiske verdsbiletet til nazistane. Snevre definisjonar av ordet knyter det nettopp til førestillinga om "rase" som biologisk fenomen.

Utfordringa ved denne snevre definisjonen av rasisme er at rasetenking aldri har vore reint biologisk. Forståinga av omgrepet "rase" har òg inkludert førestillingar om kultur og etniske forskjellar.

Vide definisjonar av rasisme inkluderer forskjellsbehandling av ulik art og er ikkje avgrensa til "rase". Eit døme er FNs rasediskrimineringskonvensjon frå 1966, der rasediskriminering blir definert som

– enhver forskjellsbehandling, utelukkelse, innskrenkning eller begunstigelse på grunn av rase, hudfarge, avstamning eller nasjonal eller etnisk opprinnelse.

I boka Hva er rasisme? frå 2015 definerer Bangstad og Døving rasisme slik:

  1. å dele inn en befolkning i ulike kategorier der noen gis negative essensielle (uforanderlige) trekk
  2. å redusere identiteten til et individ til de gitte negative karaktertrekkene for en kategori
  3. å bruke de negative karaktertrekkene som argument for underordning og diskriminering

Denne definisjonen peiker på rasisme som litt meir enn fordommar på den eine sida og diskriminering på den andre. Ifølgje Bangstad og Døving knyter rasismeomgrepet fordommar og diskriminering saman: Rasisme har vi når fordommar grunngir diskriminering.

Rasisme og makt

Diskriminering føreset òg makt. Ein forenkla definisjon seier derfor at rasisme er fordommar pluss makt. Denne definisjonen viser til ei forståing av rasisme som ligg i samfunnet, med eller utan nokon rasistisk ideologi.

Fokuset på makt og samfunnsnivå gjer at somme skil mellom rasistiske fordommar på den eine sida og rasisme på den andre. Rasistiske fordommar kan alle ha, men berre dei som har majoritetsposisjonen – kvite i vestlege samfunn – kan handle rasistisk. Ut frå eit slikt synspunkt er det altså ikkje noko som heiter omvend rasisme, altså rasisme frå ein minoritet retta mot ein majoritet.

Diskuter

  • Kva for nokre av definisjonane er best?

  • Trekkjer desse definisjonane inn sider ved omgrepet rasisme som de ikkje hadde tenkt på?

  • Bør vi halde på omgrepet rasisme i daglegtalen?

  • Kvifor blir det feil å snakke om omvend rasisme viss ein meiner at makt er eit viktig element i rasisme? Er de einige i dette standpunktet?

Nivå av rasisme

Når rasistiske førestillingar blir lagt til grunn for ein samfunnsstruktur, slik som under apartheidregimet i Sør-Afrika før 1994, er det ikkje det same som at ein enkeltperson tenkjer eller handlar rasistisk. Michel Wieviorka har peikt på fire nivå av rasisme i ulike samfunn:

  1. forløparen til rasisme, infrarasisme, som meir er kjenneteikna av ulike former for framandfiendskap

  2. rasisme som fragmentert, men tydeleg til stades i samfunnet – mellom anna synleg gjennom haldningsundersøkingar

  3. rasisme som politisk, det vil seie at rasistiske haldningar blir grunnlaget for ei (politisk) rørsle

  4. rasisme som total, som grunnlaget for organiseringa av staten og utgangspunktet for ekskludering og forfølging

Ofte blir ordet kvardagsrasisme brukt om rasisme på Wieviorkas første nivå. Kvardagsrasisme er dei meir eller mindre utilsikta haldningane og hendingane som "dei andre" blir utsette for i samfunnet. Det kan vere usikre blikk mot dei som er mørkhuda på T-banen, eller vegring mot å få somaliarar som naboar.

Kjelder

  • Bangstad, S. & Døving, C. A. (2015). Hva er rasisme? Univerisitetsforlaget.
  • Døving, C. A. & Nustad, P. (2019). Hva er rasisme, og hva kan skolen gjøre? HL-senteret.

Teksten er basert på artikkelen Rasisme og andre uttrykk for gruppefiendtlighet (dembra.no).

CC BY-SASkrive av Harald Syse, Peder Nustad og Karl Henrik Aanesen. Rettshavar: Dembra
Sist fagleg oppdatert 21.06.2021

Læringsressursar

Marginalisering, utanforskap og inkludering