Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er marginalisering?

Vi har alle eit behov for å vere ein del av samfunnet. Når nokon blir marginaliserte, blir dei skyvde ut i ytterkantane av samfunnet og balanserer på grensa til å falle heilt utanfor. Det kan vere svært belastande og få store konsekvensar.
To spelebrikker (ein raud og ein grøn) står litt bortanfor fire raude brikker. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er marginalisering?

Marginalisering er ein prosess der einskildindivid eller grupper blir skyvde ut i ytterkantane (marginane) av samfunnet. Det kan til dømes vere tilfellet når innvandrarar ikkje får fast jobb, når ungdommar droppar ut av skulen, eller når einslege mødrer ikkje har råd til å la barna delta i dei same fritidsaktivitetane som andre barn.

Marginaliserte individ eller grupper står verken heilt på utsida eller heilt på innsida av samfunnet. Dei er i ei gråsone mellom å vere inkluderte og å vere ekskluderte, og dei har ofte færre moglegheiter til å delta i samfunnet enn andre.

Former for marginalisering

Marginalisering er eit fenomen med fleire ulike dimensjonar. I samfunnet deltek vi på fleire ulike arenaer. Vi går på skulen, deltek i arbeidslivet, har ulike fritidssyslar og er med i organisasjonar og saman med vener. Vi kan marginaliserast overfor eitt eller fleire av desse miljøa. Einskildindivid eller grupper kan stå i ytterkanten av sosiale miljø (sosial marginalisering), kulturar (kulturell marginalisering), arbeidslivet (arbeidsmarginalisering) eller det politiske livet (politisk marginalisering).

På dei ulike arenaene i samfunnet møter vi ulike normer og forventningar. Å bli marginalisert på eitt område betyr ikkje nødvendigvis at ein blir marginalisert på eit anna. Samtidig kan det ofte vere ein samanheng mellom marginalisering på ulike område. Sjukdom kan til dømes hindre deg i å delta i arbeidslivet. Det kan igjen føre til fattigdom og manglande moglegheiter til å delta i sosiale aktivitetar saman med vener.

Når marginaliseringa på eitt område leier til marginalisering på eit anna, seier vi at marginaliseringa er kumulativ. Det vil til dømes vere tilfellet viss nokon droppar ut av skulen på grunn av rusmiddel og etter kvart blir kriminell.

I Noreg finn vi marginaliserte grupper blant innvandrarar, fattige, einslege forsørgjarar, rusmisbrukarar og langtidssjuke. Desse marginaliserte gruppene er ofte i ei risikosone, ein flytande posisjon mellom sosial inkludering og sosial eksklusjon. På den eine sida vil fleire etter ein periode bli betre integrerte i samfunnet. På den andre sida vil nokon etter kvart kunne falle heilt utanfor og bli ekskluderte frå ein eller fleire arenaer i samfunnet.

Sprøytenarkoman. Ein mann med slitne klede sit på bakken og stikk seg i armen med ei sprøyte. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ulike perspektiv på marginalisering

Det finst fleire ulike tilnærmingar til marginalisering. For det første kan marginalisering bli sett på som ein prosess der nokon gradvis blir skyvde eller dregne mot ytterkantane av samfunnet. Det vil til dømes vere tilfellet for ungdommar som trekkjer seg vekk frå familie, skule og arbeidsliv, og i staden søkjer mot avvikande og belastande subkulturar for å få tilhøyrsel og aksept.

For det andre kan marginalisering forståast ut frå eit strukturelt perspektiv. Marginalisering blir ifølgje dette perspektivet forklart ut frå strukturelle trekk ved samfunnet. Økonomiske strukturar kan til dømes skyve individ og grupper ut i arbeidsløyse, og klasseforskjellar, fattigdom og dårlege levevilkår kan gjere at nokre barn og ungdommar lettare blir skyvde ut av skulen og arbeidslivet.

For det tredje kan marginalisering forståast ut frå eit individuelt perspektiv, som eit resultat av utviklingstrekk ved det moderne samfunnet. Ifølgje dette perspektivet blir tradisjonelle fellesskap stadig svakare i vestlege samfunn, og einskildindivid blir i aukande grad overlatne til seg sjølve. Denne individualiseringsprosessen fører til auka valmoglegheiter, men òg til auka uvisse og risiko for å falle utanfor.

For det fjerde kan marginalisering forståast ut frå eit kulturelt perspektiv. I ei globalisert verd kan mange bli ståande i spenn mellom fleire ulike kulturar. Denne identitetskonflikten kan føre til manglande tilhøyrsel og marginalisering. Det kan til dømes vere tilfellet for minoritetsungdom som blir dregne mellom ulike kulturar, eller ungdom frå eit tradisjonelt kystmiljø som møter ein ny kultur gjennom skule og utdanning.

Mange menneske med plakatar og regnbogeflagg går i tog. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Marginalisering, sosiale avvik og ekskludering

Det kan ofte vere ein nær samanheng mellom marginalisering og sosiale avvik og ekskludering, men desse omgrepa beskriv litt ulike fenomen.

Marginalisering og sosiale avvik

Mens marginalisering handlar om manglande integrasjon i sosiale fellesskap, handlar sosiale avvik om brot på sosiale normer. Sidan normene er med på å halde samfunnet saman, er det ofte ein samanheng mellom marginalisering og brot på sosiale normer. Sosiale avvik, som kriminalitet, kan føre til marginalisering, og marginalisering, som arbeidsløyse eller manglande utdanning, vil kunne føre til avvik.

Marginalisering og ekskludering

Marginalisering og ekskludering er omgrep som ofte blir brukte om kvarandre til dagleg, men som fagomgrep blir dei ofte brukte litt ulikt. Mens marginalisering beskriv ein prosess der nokon blir skyvde ut i ytterkanten av samfunnet, blir omgrepet ekskludering ofte brukt for å beskrive ein tilstand der nokon har falle heilt utanfor det sosiale fellesskapet.

Marginalisering kan derfor leie til at nokon blir ekskluderte og skyvde heilt ut av ei gruppe eller eit fellesskap. Dersom ungdommar først får psykiske problem og deretter droppar ut av skulen og blir ståande heilt utanfor arbeidsmarknaden, vil marginaliseringa til slutt leie til ekskludering.

Kjelder

Helland, H. & Øia, T. (2000). Forebyggende ungdomsarbeid. Bergen: Fagbokforlaget.

Rasmussen, I., Dyb, V. A., Heldal, N. & Strøm, S. (2010). Samfunnsøkonomiske konsekvenser av marginalisering blant ungdom (Vista analyse A/S rapport 2010/07). Henta frå https://bufdir.no/bibliotek/dokumentside/?docId=BUF00001674

Schiefloe, P.M. (2019). Mennesker og samfunn (3. utg.) Oslo: Vigmostad & Bjørke.

Sletta, M.A. & Hyggen, C. (2013). Ungdom, frafall og marginalisering (temanotat). Henta frå https://www.forskningsradet.no/siteassets/publikasjoner/1254000811978.PDF

Øia, T. (2013). Ungdom, rus og marginalisering. Oslo: Cappelen Damm.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 08.12.2020

Læringsressursar

Marginalisering, utanforskap og inkludering