Hopp til innhald
Oppgåve

Inkluderingsagentane

Kvart år kjem det mindreårige asylsøkjarar til Noreg. Dei har ofte ein heilt annan kulturell og sosial bakgrunn. Korleis kan ein inkludere desse ungdommane i det norske samfunnet og hindre at dei blir marginaliserte og fell utanfor?

Oppgåve 1: Intro

Diskuter i grupper:

  • Kva utfordringar trur de mindreårige asylsøkjarar møter når dei kjem til Noreg?
  • Korleis kan ein på best mogleg måte integrere mindreårige asylsøkjarar som kjem til Noreg? Lag ei liste med minst tre konkrete forslag.
Kva er integrering?

Integrering vil seie at ein prøver å inkludere innvandrarar som likeverdige deltakarar i samfunnet, samtidig som dei held fram med å ta vare på den kulturelle identiteten og fellesskapen sin.

Skal integreringa lykkast, må ulike arenaer i samfunnet vere opne for innvandrarane samtidig som dei har viljen og evnene til å bli integrerte. Vi kan skilje mellom integrering på tre ulike område:

  • Økonomisk integrering skjer gjennom deltaking i arbeidslivet.
  • Sosial integrering skjer gjennom deltaking i sosiale nettverk som omfattar etnisk norske.
  • Aktivitetsmessig integrering skjer gjennom deltaking i frivillige organisasjonar, interesseorganisasjonar, idrettslag, politikk og aktivitetar knytte til skulen.

Oppgåve 2: Inkluderingsagentane

Sjå episode 1 og svar på spørsmåla.

  1. Kva er oppgåvene til inkluderingsagentane?
  2. Korleis jobbar inkluderingsagentane i praksis for å skape inkludering?

Oppgåve 3: Integreringsaktivitetar

Sjå episode 2 og svar på spørsmåla.

  1. Kva konsekvensar kan manglande integrering få?
  2. Korleis kan fotball hjelpe ungdommane å bli betre integrerte? Kva andre aktivitetar forutan fotball trur du kan hjelpe asylsøkjarar å bli betre integrerte?

Oppgåve 4: Venskap

Sjå episode 3 og svar på spørsmåla.

  1. Kvifor kan det vere vanskeleg for asylsøkjarar å få vener og sosiale relasjonar til norske ungdommar?
  2. Korleis kan ein få meir kommunikasjon og kontakt mellom norske ungdommar og mindreårige asylsøkjarar som kjem hit?

Oppgåve 5: Integrering er inkludering

Sjå episode 4 og svar på spørsmåla.

  1. Korleis kan opplevingar som rafting og gåturar over Besseggen bidra til integrering?
  2. Programleiaren seier til slutt at «integrering er inkludering». Forklar med eigne ord kva du trur han meiner med det.

Oppgåve 6: Refleksjonsnotat

I denne oppgåva skal du tenkje deg at du er ein inkluderingsagent og har ansvar for ein mindreårig asylsøkjar.

  1. Bestem alderen og kva land den mindreårige asylsøkjaren kjem frå. Bruk gjerne SSB til å sjekke kva land dei mindreårige asylsøkjarane har kome frå dei siste åra.
  2. Finn ut litt meir om landet og kulturen asylsøkjaren kjem frå, og beskriv kort bakgrunnen hans eller hennar.
  3. Beskriv kva utfordringar asylsøkjaren møter i Noreg.
  4. Reflekter over korleis du kan hjelpe han eller ho med å løyse utfordringane og bli integrert i det norske samfunnet.

Relatert innhald