Integrering, assimilering, segregering og marginalisering
I Noreg har vi mange minoritetar med ulike bakgrunnar. Korleis skal desse minoritetane stille seg til den norske majoritetskulturen? Skal dei prøve å bli så norske som mogleg eller prøve å verne sin eigen kultur og språk? Og korleis skal den norske majoriteten stille seg til minoritetskulturane? Skal dei tvinge dei til å endre kulturen sin eller tvert imot oppmode dei til å ta vare på dei kulturelle særtrekka sine?
Når ulike kulturar lever tett innpå kvarandre over lengre tid, kan dei tilpasse seg kvarandre på ulike måtar:
- Integrering:
Minoritetskulturen blir akseptert og deltek i storsamfunnet, men tek samtidig vare på gruppeidentiteten og det kulturelle særpreget sitt.
- Assimilering:
Minoritetskulturen vel eller blir tvinga til å ta over majoritetskulturen og mister den opphavlege kulturen sin.
- Segregering:
Minoritetskulturen og majoritetskulturen blir verande skilde.
- Marginalisering:
Grupper og enkeltindivid mister tilhøyrsle og blir ståande utanfor både minoritets- og majoritetskulturen.
I Noreg er integrering eit ideal. Integrering betyr at noko blir heilskapleg, og det er i dag brei politisk semje om å akseptere det kulturelle særtrekket til minoritetar innanfor ein større kulturell heilskap. På den eine sida prøver ein å inkludere minoritetar som likeverdige deltakarar i storsamfunnet. På den andre sida lar ein dei kulturelle minoritetane ta vare på identiteten sin og det sosiale og kulturelle fellesskapet sitt.
Eit døme på den norske integreringspolitikken er at nye innvandrarar får opplæring i norsk for å inkludere dei i arbeidslivet, samtidig som at barna deira får morsmålsundervisning for å verne den kulturelle identiteten sin.
Skal integreringa lykkast, må ulike arenaer i samfunnet vere opne for innvandrarane samtidig som dei har viljen og evnene til å bli integrert. Vi kan skilje mellom integrering på tre ulike område:
- Økonomisk integrering
skjer gjennom deltaking i arbeidslivet.
- Sosial integrering
skjer gjennom deltaking i sosiale nettverk som omfattar etnisk norske.
- Aktivitetsmessig integrering
skjer gjennom deltaking i frivillige organisasjonar, interesseorganisasjonar, idrettslag, politikk og aktivitetar knytte til skulen.
Det ideologiske grunnsynet som integrering er basert på, blir kalla multikulturalisme. Multikulturalismen hevdar at ulike etniske grupper har rett til å vere kulturelt ulike, og at minoritetar har same rett som majoriteten til sin eigen kultur.
Assimilering vil seie at dei kulturelle og sosiale skilja mellom gruppene blir viska ut. Assimilering betyr «å gjere lik». Den sterkaste forma for assimilering skjer når minoritetskulturen fullstendig smelter saman med majoritetskulturen og det ikkje lenger er mogleg å skilje dei frå kvarandre.
Assimilering kan vere frivillig og ufrivillig. Eit døme på frivillig assimilering er nordmenn som emigrerte til USA og etter kvart miste morsmålet og dei kulturelle særtrekka sine. Eit døme på ufrivillig assimilering er fornorskingspolitikken overfor samane på 1800- og 1900-talet der ein aktivt undertrykte samisk språk og kultur.
Dei siste åra har det oppstått ein ny debatt om assimilering. Enkelte forskarar har teke til orde for at det kan vere ønskjeleg med assimilering innanfor visse område av samfunnet, som til dømes arbeidsliv og utdanning.
Segregering betyr «å skilje», og segregering vil seie at dei ulike kulturane lever fysisk skilt. Minoritetsbefolkninga lever då for seg sjølv og har liten kontakt med samfunnet rundt seg.
Det mest kjende dømet på segregering er apartheidsystemet i Sør-Afrika. Der levde kvite og svarte på ulike stader, og det var lover som forhindra dei frå til dømes å gifte seg med kvarandre.
Dei siste åra har det òg vore ein debatt om det har utvikla seg parallellsamfunn i visse bydelar i Europa, der grupper med innvandrarbakgrunn utviklar heilt eigne normer og verdiar. Ei utfordring med omgrepet parallellsamfunn er likevel at det blir brukt på veldig ulike måtar, og det er vanskeleg å einast om ein presis definisjon.
Marginalisering er ein prosess der enkeltindivid eller grupper blir skyvde ut i ytterkantane (marginane) av samfunnet. For individ med minoritetsbakgrunn kan denne prosessen både ha ein sosial og kulturell dimensjon. Marginaliseringa kan både oppstå som eit resultat av manglande sosial kontakt og relasjonar til majoritetssamfunnet og av manglande tilhøyrsle til minoritets- og majoritetskulturen.
Eit døme på ei marginalisert gruppe er ungdommar med minoritetsbakgrunn og unge asylsøkjarar som sel hasj langs Akerselva i Oslo. Fleire av desse ungdommane manglar bustad, skulegang og jobb og er i ytterkanten av både minoritetskulturen dei kjem frå og majoritetskulturen dei har kome til.
Det finst ulike former for marginalisering, og du kan vere marginalisert på eitt område utan å vere det på andre. Ein medlem av ei etnisk gruppe kan til dømes vere sosialt marginalisert, men ikkje kulturelt. Dei kan vere utanfor arbeidsmarknaden samtidig som dei er godt integrerte i den etniske kulturen dei høyrer til i.
Dei fire ulike tilpassingsmønstera, integrering, assimilering, segregering og marginalisering, kan òg setjast opp som ein modell. Ifølgje John W. Berry vil tilpassingsmønsteret vere avhengig av korleis minoritetskulturen svarer på to sentrale spørsmål.
- Er det viktig for minoritetskulturen å bevare den opphavlege kulturen og identiteten sin uendra – ja eller nei?
- Ønskjer medlemmene av minoritetskulturen å delta i og utvikle omfattande sosiale relasjonar med majoritetssamfunnet – ja eller nei?
Dei to spørsmåla kan gi fire ulike kombinasjonar av svar og følgjeleg fire ulike tilpassingsmønster:
- Viss ein etnisk minoritet ønskjer å verne den kulturelle identiteten sin og delta i majoritetskulturen, svarer dei ja på begge desse spørsmåla. Då blir tilpassingsmønsteret integrering.
- Viss ein etnisk minoritet derimot ønskjer å verne den kulturelle identiteten sin, men ikkje ønskjer å byggje sosiale relasjonar til majoritetssamfunnet, blir tilpassingsmønsteret segregering.
- Viss minoriteten ønskjer å skape sosiale relasjonar til majoritetssamfunnet, men ikkje ta vare på sin eigen kultur, blir mønsteret assimilering.
- Viss minoriteten verken ønskjer å byggje relasjonar til majoritetssamfunnet eller ta vare på sin eigen kultur, og svarer nei på begge spørsmåla, blir mønsteret marginalisering.
Det er viktig å understreke at tilpassingsmønsteret òg vil vere avhengig av majoritetskulturen. Ein minoritet kan ikkje bli integrert viss ikkje majoritetskulturen er open for minoritetar som ønskjer å ta vare på den kulturelle identiteten sin.
Vi kan setje opp dei fire ulike alternativa i den følgjande modellen:
Ei utfordring med denne modellen er at han skisserer opp fire klart skilde alternativ. I verkelegheita vil tilpassingsmønsteret ofte vere ein kombinasjon der individ i ulike situasjonar vel ulike gradar av tilpassing. Eit anna problem er at modellen berre skisserer opp fire ulike alternativ. Men ungdommar som veks opp med fleire kulturar, må ikkje nødvendigvis velje mellom majoritetskulturen og minoritetskulturen. Dei kan i staden skape ein ny blandingskultur.
Brochmann, G. (2020, 13. juli). Integrering. Henta frå https://snl.no/integrering
Eriksen, T.H. (2010). Små steder – Store spørsmål (3. utg.). Oslo: Universitetsforlaget.
Schiefloe, P.M. (2019). Mennesker og samfunn (3. utg.). Oslo: Vigmostad & Bjørke.