Hopp til innhald

Fagstoff

Interseksjonalitet

Interseksjonalitet beskriv korleis sosiale faktorar som klasse, kjønn, rase, etnisitet, seksuell orientering og funksjonsevne verkar saman og skaper ulike former for sosial ulikskap, sårbarheit og diskriminering.
Ein silhuett av ein person står i eit vegkryss. Den eine vegen heiter kjønnsdiskriminering og den andre vegen rasisme. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis skal vi studere sosial ulikskap og marginalisering i moderne multikulturelle samfunn? Ei arbeidslaus kvinne med hijab vil til dømes kunne oppleve diskriminering og marginalisering både fordi ho er arbeidslaus, muslim og kvinne.

Eit verktøy for å forstå det komplekse samspelet mellom ulike sosiale kategoriar som klasse, hudfarge, kjønn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, religion og etnisk tilhøyrsel er omgrepet interseksjonalitet.

Kva er interseksjonalitet?

Interseksjonalitet er henta frå det engelske ordet intersection som betyr "vegkryss". Sjå for deg eit vegkryss der trafikken strøymer i fleire ulike retningar. Du skal prøve å kome deg over krysset, men du risikerer å bli treft av bilar som køyrer i mange ulike retningar. Jo fleire vegar som kryssar kvarandre, jo vanskelegare er det å kome over.

Vegane i dette krysset er eit bilete på ulike sosiale kategoriar som hudfarge, klasse, religion, etnisk tilhøyrsel, kjønn eller funksjonsnedsetjing. Når desse ulike sosiale kategoriane kryssar kvarandre, kan det skapast nye former for sosial ulikskap, diskriminering og forskjellsbehandling.

Både homofile og menneske med funksjonsnedsetjing kan møte diskriminering og forskjellsbehandling. Er du likevel både homofil og har ei funksjonsnedsetjing, vil du kunne møte eit komplekst samspel av hindringar, som verken kan reduserast til det å vere homofil eller å ha ei funksjonsnedsetjing.

Alle menneske har meir enn éin enkelt identitet og høyrer til ulike sosiale kategoriar. Interseksjonalitet er derfor ikkje berre relevant for å beskrive dei samansette formene for diskriminering som minoritetar kan oppleve. Det kan brukast for å beskrive kva som skjer når ulike identitetar og sosiale kategoriar kryssar kvarandre og påverkar livsvilkåra i alle delar av befolkninga.

Portrett av Kimberlé Crenshaw. Ho har dreads og brodert jakke. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Opphavet til interseksjonalitet

Omgrepet interseksjonalitet vart først brukt av den amerikanske jusprofessoren Kimberlé Crenshaw for å beskrive situasjonen til svarte abeiderklassekvinner i USA.

Ifølgje Crenshaw vart klasse, kjønn og rase sett på som skilde kategoriar i lovverket og mellom sosiale rørsler som kjempa mot diskriminering. Dette førte til at erfaringane til svarte arbeidarklassekvinner, som opplevde ein kombinasjon av rase- og kjønnsdiskriminering, vart oversette.

Eit døme er ei svart kvinne som saksøkte ein bilfabrikk for diskriminering etter at ho og andre svarte kvinner hadde vorte nekta arbeid. Ho fekk saka si avvist i rettssystemet fordi fabrikken både tilsette kvite kvinner til sekretærjobbar og svarte menn til manuelt arbeid. Fabrikken kunne derfor verken dømmast for kjønnsdiskriminering eller rasediskriminering. Rettssystemet vurderte kjønn og hudfarge som skilde kategoriar, og sidan fabrikken både tilsette kvinner og svarte, avviste dommaren saka. Det rettssystemet ikkje tok omsyn til, var den kombinasjonen av rase- og kjønnsdiskriminering som førte til at svarte kvinner vart diskriminert.

Demonstrantar med munnbind held eit banner der det står "Justice for Breonna Tayler, say her name". Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Crenshaw ville vise korleis svarte arbeidarklassekvinner fall mellom fleire stolar i den amerikanske rettskampen. I kvinnerørsla vart svarte kvinner marginaliserte fordi ho tok utgangspunkt i erfaringane til kvite middelklassekvinner. I antirasismerørsla vart dei svarte kvinnene marginaliserte fordi ho tok utgangspunkt i livet og erfaringane til svarte menn. Ingen av desse rørslene tok omsyn til at diskrimineringa svarte kvinner vart utsette for, ikkje berre kom av klasse, kjønn eller rase, men eit samspel mellom alle desse ulike faktorane.

Ulike perspektiv på interseksjonalitet

Det finst fleire ulike forståingar av omgrepet interseksjonalitet og mykje debatt om korleis ein skal bruke og forstå omgrepet. På den eine sida blir interseksjonalitet brukt til å vise korleis ulike sosiale faktorar verkar saman. Ei kvinne med innvandrarbakgrunn frå arbeidarklassen vil til dømes ofte ha færre moglegheiter i arbeidsmarknaden. Det er ikkje berre fordi enkeltfaktorar som kjønn, klasse og etnisitet skaper hindringar kvar for seg, men fordi desse ulike faktorane verkar saman. Summen av dei ulike faktorane er større enn kvar enkelt del, og saman gjer dei ho ekstra sårbar for diskriminering og marginalisering.

På den andre sida blir interseksjonalitet brukt til å problematisere sosiale kategoriar som kjønn, etnisitet og klasse. Ved hjelp av eit interseksjonelt perspektiv har ein peikt på at sosiale kategoriar som kjønn og klasse i røynda rommar eit breitt spekter av ulike identitetar. Ein kvit heteroseksuell mann og ei svart lesbisk kvinne kan begge høyre til arbeidarklassen, men ha svært ulik identitet og klassetilhøyrsel. Kategoriar som kjønn og klasse er ikkje noko ein er eller har, men noko ein gjer. Det er noko vi skaper gjennom språk og samhandling.

Eit døme på korleis sosiale kategoriar kan blandast og få nye betydningar, er ein studie av Ingunn Marie Eriksen. Ho studerte elevar i ein klasse på vidaregåande der elevar med innvandrarbakgrunn var i fleirtal. I den klassen var det ikkje alltid hudfarge og bakgrunnsland som avgjorde kven som vart sett på som "utlendingar" og "norske". Til dømes vart nokre skuleflinke minoritetsjenter i klassen omtalt som norske, mens elevar med majoritetsbakgrunn som bråka og braut reglane, vart omtalte som utlendingar.

Ei gruppe ungdommar går og snakkar. Ei anna gruppe ungdommar står i ei trapp og snakkar saman. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kritikk av interseksjonalitet

Det finst mange sosiale faktorar som er med på forme liva våre. Når du skal bruke eit interseksjonelt perspektiv, kan det derfor vere vanskeleg å vite akkurat kva for sosiale faktorar du skal ta omsyn til. Det kan òg vere vanskeleg å vite kor mykje ein skal vekte kvar enkelt faktor. Er klasse viktigare enn kjønn eller hudfarge, eller er dei like viktige? Ei løysing er å ta utgangspunkt i kvar enkelt situasjon, men det kan framleis vere vanskeleg.

Interseksjonalitet er ikkje berre ein del av samfunnsforskinga. Det blir òg brukt politisk for å fremje rettane til undertrykte grupper. I Noreg har det vorte ein del av den statlege politikken for likestilling og mot diskriminering. I USA har interseksjonalitet vorte den delen av den politiske kampen mellom høgre- og venstresida i politikken, og som politisk stridstema har det vorte brukt og tolka på svært ulike måtar.

Kjelder

Bergstrøm, I. I. (2013, 26. februar). Hevder seg med bråk og strenge sexregler. Forskning.no. https://forskning.no/seksualitet-etnisitet-kjonn-og-samfunn/hevder-seg-med-brak-og-strenge-sexregler/649454

Crenshaw, K. (1989). Demarginalizing the Intersection of Race and Sex:
A Black Feminist Critique of Antidiscrimination Doctrine, Feminist Theory and Antiracist Politics. University of Chicago Legal Forum, 4(1), 139–167.

Dillon, M. (2014). Introduction to Sociological Theory. Theorists, Concepts, and their Applicability to the Twenty-First Century. Wiley Blackwell.

Giddens, A. & Sutton, P. W. (2017). Sociology (8. utg.). Polity Press.

Institutt for kulturstudium og orientalske språk (2020, 7 desember). Disputas: Når minoritet blir majoritet i skolen. https://www.hf.uio.no/ikos/forskning/aktuelt/arrangementer/disputaser/2013/eriksen.html

Orupabo, J. (2014). Interseksjonalitet i praksis: Utfordringer med å anvende et interseksjonalitetsperspektiv i empirisk forskning. Sosiologisk tidsskrift, 22(4), 352–282.

Thun, C. (2019, 20. desember). Interseksjonalitet. I Store norske leksikon. https://snl.no/interseksjonalitet

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 04.05.2021

Læringsressursar

Marginalisering, utanforskap og inkludering