Hopp til innhald

Fagstoff

Årsaker til kriminalitet og marginalisering

Kvifor bryt nokre menneske lover og reglar og endar opp i ytterkantane av samfunnet? Har dei valt det sjølv, eller kjem det av trekk ved samfunnet dei er ein del av? Ulike teoriar om avvik og marginalisering gir ulike svar.
Tre ranarar med finlandshetter og våpen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Litt etter klokka åtte om morgonen, måndag 5. april 2004, startar det største ranet i noregshistoria. Ni tungt væpna ranarar angrip Norsk kontantservice i Stavanger. Under ranet blir ein politimann drepen, og ranarane slepp unna med 57 millionar kroner. Etter nokre månader blir ranarane fanga og dømde til lange fengselsstraffer, men berre ein liten del ransutbyttet blir funnen. Dei fleste av ranarane hadde ein lang kriminell løpebane bak seg. Kva er forklaringa på at nokre menneske startar med kriminalitet og kjem heilt ut i randsona av samfunnet?

Kva er sosiale avvik og marginalisering

Sosiale avvik er handlingar som bryt med normene i samfunnet. Det kan vere brot på uformelle normer, som å opptre uhøfleg eller kle seg på ein spesiell måte, eller brot på formelle normer, som å bryte lova og handle kriminelt.

Marginalisering er ein prosess der enkeltindivid eller grupper blir skyvde ut i ytterkantane (marginane) av samfunnet. Det kan til dømes vere tilfellet når nokon droppar ut av skulen, blir rusmisbrukarar, blir arbeidslause eller blir kriminelle.

Det kan ofte vere ein samanheng mellom sosiale avvik og marginalisering. Brot på normer og reglar kan skyve deg ut i kanten av samfunnet, og det å bli skyvd ut i kanten av samfunnet kan føre til brot på normer og reglar. Derfor kan det ofte vere relevant å bruke nokre av dei same teoriane og perspektiva når vi skal forklare årsakene til sosiale avvik og marginalisering.

Individ- og strukturforklaringar

Når vi skal finne ei forklaring på sosiale avvik og marginalisering, kan vi skilje mellom to hovudtypar av forklaringar. På den eine sida har vi individforklaringar. Dei fokuserer på enkeltindivid og forklarer avvik eller marginalisering ut frå personlege val eller individuelle eigenskapar. Det kan til dømes vere psykiske lidingar, aggresjon, spenningssøking eller manglande empati, sosial kompetanse og impulskontroll.

På den andre sida har vi strukturforklaringar. Dei fokuserer på samfunnet og forklarer avvik og marginalisering ut frå sosiale strukturar, som økonomisk forskjell og fordeling av makt og prestisje. Ut frå dette perspektivet kan vi til dømes forklare kriminalitet med fattigdom, vanskelege familieforhold, dårleg utdanningstilbod, låg status og manglande moglegheiter.

Teoriar om avvik og marginalisering

Årsakene til sosiale avvik og marginalisering er ofte komplekse. For å få ei best mogleg forståing er det derfor vanleg å trekkje inn fleire ulike teoriar og perspektiv.

Rasjonelle val

Ifølgje teorien om rasjonelle val handlar sosiale avvik og marginalisering om dei vala kvar person gjer. Ved hjelp av fornufta veg menneske fordelar og ulemper ved ulike handlingsalternativ og vel det som i størst mogleg grad fremjar dei eigne interessene deira.

Viss ein person vurderer faren for straff som langt mindre enn moglegheita for suksess, kan personen til dømes velje å bryte lova for å skaffe seg pengar. Ut frå denne teorien kan det løne seg for samfunnet å satse på meir politi og strengare straffer. Når sjansane for å bli oppdaga blir større og dei negative konsekvensane av kriminalitet aukar, vil rasjonelle aktørar ifølgje denne teorien velje det vekk.

Kritikk av teorien om rasjonelle val

Ifølgje kritikarane av teorien om rasjonelle val er ikkje vi menneske først og fremst styrte av fornufta. Det er ikkje slik at vi i ein situasjon kaldt og fornuftig vurderer fordelar og ulemper ved ulike val. Vi har sjeldan full oversikt over dei ulike handlingsalternativa og blir snarare styrte av impulsar, følelsar og normer som vi har fått gjennom sosialisering.

Eit anna problem med teorien om rasjonelle val er at han tek for lite omsyn til sosiale strukturar. Kvifor finn vi langt fleire avvikarar og marginaliserte innanfor nokre samfunnsgrupper viss årsakene kjem av individuelle val?

To hender held hardt rundt to stålstenger. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kontrollteori

Kontrollteorien byggjer på teorien om rasjonelle val. Ifølgje denne teorien er det ein samanheng mellom sosiale avvik og marginalisering og kor tett ein er knytt til samfunnet. Jo tettare integrert du er i samfunnet, jo meir har du å tape på å bryte normer og reglar. Viss du har sterke sosiale relasjonar til andre personar, er sterkt engasjert og involvert i samfunnet rundt deg, og har sterk tiltru til dei normene og verdiane samfunnet er bygd på, er det mindre sannsynleg at du gjer kriminelle handlingar.

Ein person som er nært knytt til foreldra sine, har investert mykje tid og krefter i utdanning, og har sterk tillit til det samfunnet dei er ein del av, har meir å tape på å bryte normer og reglar enn personar som er marginaliserte. Dette kjem av at dei er tettare vovne inn i samfunnet og er utsette for ein sterkare sosial kontroll. Viss du derimot droppar ut av skule og arbeidsliv, vil banda til samfunnet rundt deg blir svekte og gjere det lettare og mindre kostbart for deg å gjere noko ulovleg. Ifølgje denne teorien kan ein derfor motverke sosiale avvik og marginalisering ved å inkludere alle i eit tettare sosialt fellesskap.

Kritikk av kontrollteorien

Kritikarar av denne teorien har hevda at det ikkje nødvendigvis er den svake tilknytinga til samfunnet som fører til sosiale avvik og marginalisering. Det kan vere at den svake tilknytinga til samfunnet gjer at nokre ungdommar blir tiltrekte av kriminelle miljø, og at det først og fremst er påverknaden frå desse miljøa som leier til kriminalitet.

Sosial kontroll kan òg føre til ein forsterkningsspiral som kan auke sosiale avvik i staden for å redusere dei. Sterk sosial kontroll kan føre til at enkelte personar lettare blir stempla som avvikarar. Det kan føre til at desse personane blir skyvde lengre ut av samfunnet og begynner å sjå på seg sjølv som avvikarar eller kriminelle, noko som igjen vil føre til at dei lettare bryt normer og reglar og i mindre grad er villige til å endre åtferd. Paradoksalt nok kan derfor sterkare sosial kontroll føre til fleire sosiale avvik.

Overvakingskamera montert på ein murvegg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Stemplingteori

Ifølgje stemplingteorien er samfunnet med på å definere og kategorisere nokre menneske som avvikarar. Når ungdommar kjem i konflikt med normer og forventningar, vil miljøet kunne svare med å stemple dei som avvikarar. Dei blir tillagde negative eigenskapar og blir skyvde ut av det miljøet dei tidlegare var ein del av. Etter kvart vil dette stempelet òg kunne påverke måten dei ser på seg sjølv, identiteten og sjølvbiletet deira.

Stemplinga, eller stigmatiseringa, vil ifølgje denne teorien kunne fungere som ein sjølvoppfyllande profeti. Den unge femtenåringen som blir stempla som ein forbrytar eller rusmisbrukar, kan oppleve å bli skyvd ut av samfunnet. Deretter vil dei i aukande grad begynne å sjå på seg sjølv som ein kriminell eller rusmisbrukar. På denne måten blir dei fanga av det biletet andre har av dei, noko som igjen gjer det lettare å halde fram med rus og kriminalitet. Det er derfor viktig å bryte den vonde sirkelen så tidleg som mogleg og til dømes hindre at ungdommar blir sette i fengsel saman med eldre og meir erfarne kriminelle.

Kritikk av stemplingteorien

Eit problem med stemplingteorien er at han ikkje forklarer kvifor nokre ungdommar i utgangspunktet kjem i konflikt med normer og forventningar i samfunnet. Stemplingteorien forklarer berre kva som skjer etter at ungdommane har skilt seg ut eller brote lova.

Kritikarar av denne teorien har òg hevda at det ikkje er sikkert at stempling faktisk fører til sosiale avvik. Det kan vere andre årsaker. Når ungdomsforbrytarar blir sette i fengsel, er det ikkje sikkert at det er stemplinga som gjer at dei held fram med kriminalitet. Det kan i staden vere at dei treffer andre kriminelle som lærer dei opp og tipsar dei om nye kriminelle moglegheiter.

Ifølgje kritikarar er det heller ikkje alle som opplever å bli stempla som avvikarar og kriminelle som blir skyvde ut av samfunnet. Stemplinga kan tvert imot føre til at samfunnet reagerer med tiltak som hjelper ungdommane å bli betre inkludert, til dømes gjennom sosial oppfølging og jobbtrening.

Konfliktteori

Konfliktteorien tek utgangspunkt i maktforholda i samfunnet. Ifølgje denne teorien er lover og reglar laga for å verne interessene til dei på toppen av samfunnet. Dette forklarer kvifor det er ei overvekt av utsette grupper i fengsel. Sidan lovbrot som ran og tjuveri er ein trussel mot dei rike og mektige, blir dette slått hardt ned på, mens økonomisk kriminalitet blant eliten sjeldnare blir etterforska og blir straffa mildare. Dei skeive maktforholda forklarer òg kvifor etniske minoritetar, som ikkje høyrer til eliten, blir utsette for diskriminering og marginalisering.

Ut frå denne teorien kan kriminalitet og avvik bli sett på som opprør mot eit urettferdig og undertrykkjande samfunn. Viss ein skal forhindre kriminalitet og marginalisering, må ein først og fremst endre maktforholda i samfunnet og gjere noko med dei sosiale strukturane som skaper diskriminering og fattigdom.

Kritikk av konfliktteorien

Ein kritikk av konflikteorien er at han kan romantisere kriminalitet som eit opprør. Han tek ikkje nok omsyn til at kriminalitet er eit problem som først og fremst rammar utsette grupper, som til dømes menneske med få ressursar i fattige strøk.

Ved å fokusere på maktforholda og samfunnsstrukturane har denne teorien òg blitt kritisert for å ta for å ta for lite omsyn til individuelle val og personleg ansvar. Det er jo til dømes mange som veks opp i fattigdom som ikkje blir avvikarar eller marginaliserte.

Svart-kvitt-portrett av Émile Durkheim. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Anomi og sosial oppløysing

Viss normer, verdiar og den sosiale kontrollen i eit samfunn blir svekt, kan individ bli desorienterte og miste fotfeste, noko som igjen kan føre til ein auke i kriminalitet, sosiale avvik og marginalisering. Denne tilstanden med normoppløysing kallast anomi – frå det greske ordet for «lovløyse» – og kan mellom anna oppstå som ei følgje av store samfunnsendringar.

Innvandrarungdom, som veks opp mellom to ulike kulturar, kan til dømes fangast mellom ulike krav og forventningar. Då kan det vere lett å bli uviss og leite etter tilhøyrsel i gjengar og subkulturar på sida av samfunnet. Viss mange ressurssvake personar med ulikt etnisk bakgrunn flyttar til ein bestemd bydel, kan det òg oppstå ei manglande fellesskapsfølelse, noko som igjen kan skape grobotn for kriminalitet og marginalisering. Det har dessutan skjedd ei aukande individualisering i vestlege samfunn – enkeltindivid blir i aukande grad overlatne til seg sjølv. I takt med at normer, verdiar og sosial kontroll blir svekte, kan risikoen for avvik og marginalisering auke.

Kritikk av teorien om anomi

Kritikarar har peika på at auka individualisering og kryssande kulturar ikkje nødvendigvis fører til uvisse og manglande tilhøyrsel. Innvandrarungdom som veks opp mellom fleire ulike kulturar, kan til dømes utvikle ein ny og eigen kultur og oppleve sterk tilhøyrsel til andre med same bakgrunn.

Sosial frustrasjonsteori

Ei anna forklaring på sosiale avvik og marginalisering, ifølgje Robert K. Merton, er manglande moglegheiter. Viss nokon ikkje har moglegheit til å oppnå dei måla som samfunnet set opp, vil det føre til stress og frustrasjon. Denne frustrasjonen kan mellom anna føre til kriminell innovasjon eller tilbaketrekking. Ved kriminell innovasjon prøver ein å nå dei måla og ideala samfunnet set opp ved hjelp av ulovlege middel. Ved tilbaketrekking gir ein heilt opp å nå måla og trekkjer seg i staden vekk frå samfunnet.

I samfunnet vårt er det til dømes eit mål at du skal få ein jobb og tene pengar slik at du kan kjøpe ei rekkje materielle gode. Viss du ikkje opplever at dette er noka realistisk moglegheit, kan du anten prøve å oppnå desse materielle goda ved hjelp av tjuveri og ran, eller du kan trekkje deg vekk frå samfunnet gjennom rusmisbruk.

Ifølgje denne teorien vil det derfor vere meir sannsynleg at dei som står lågast på den sosiale og økonomiske rangstigen, bryt lova eller blir marginaliserte fordi det er vanskelegast for dei å oppnå dei måla som samfunnet set opp. Ein måte å motverke kriminalitet på ifølgje denne teorien vil vere å gi alle grupper i samfunnet moglegheit og høve til å lykkast.

Kritikk av sosial frustrasjonsteori

Kritikarar av denne teorien hevdar at det ikkje berre er dei nedst på den sosiale rangstigen som utfører kriminalitet. Vi finn òg mykje kriminalitet i middel- og overklassen som ikkje kan forklarast med denne teorien. Det er heller ikkje slik at dei nedst i samfunnet alltid strever etter å nå dei same måla som middel- og overklassen. I staden kan dei endre forventningar og tilpasse dei til sin eigen situasjon.

Eit anna problem med denne teorien er at han ikkje forklarer kvifor det store fleirtalet av dei som er nedst i samfunnet, ikkje bryt normene.

Denne teorien har òg blitt kritisert for å fokusere for lite på subkulturar. Dei ungdommane som opplever manglande moglegheiter, bryt ikkje med samfunnet på eiga hand, men blir ofte med i kriminelle og marginaliserte subkulturar.

Tre ungdommar går gjennom ein undergang. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Subkulturar

Ifølgje denne teorien kan subkulturar føre til sosiale avvik og marginalisering. Ein subkultur, eller delkultur, er ei underavdeling av ein større kultur. Han kan ofte ha andre normer og verdiar enn resten av samfunnet og kan bindast saman av felles symbol, musikksmak, stil, språk og identitet.

Som ein del av ein gjeng kan ungdommar bli lærte opp til å bryte med samfunnet. Kriminelle handlingar og bruk av ulovlege rusmiddel, som blir sett ned på av resten av samfunnet, kan innanfor gjengen gi auka status og heider. Innanfor gjengen får du kameratskap, styrke og ei oppleving av meining, samtidig som du blir ståande i opposisjon til resten av samfunnet.

Ein måte å førebyggje kriminalitet ut frå dette perspektivet er å hindre rekruttering til belastande subkulturar, noko ein kan gjere ved å tilby ungdommane alternative aktivitetar og ei alternativ tilhøyrsel. Til dømes kan dette vere gjennom fritidsklubbar, utdanning eller arbeidstrening.

Kritikk av teorien om subkulturar

Ein kritikk av teorien om subkulturar er at han i for lita grad tek omsyn til dei eigne, sjølvstendige vala til enkeltmenneske. I staden for at gjengen eller subkulturen formar deltakarane i biletet sitt, kan det vere at visse ungdommar bevisst oppsøkjer dei gruppene og miljøa dei har mest til felles med.

Denne teorien har òg blitt kritisert for å overdrive kor mange lovbrot som skjer i gjengar og subkulturar. Ifølgje ei undersøking er det ikkje dei mest sentrale gjengmedlemmene som utfører flest kriminelle handlingar, men dei medlemmene som er litt meir i utkanten.


Kjelder

Finstad, L. & Høigård, C. (Red.). (2007). Kriminologi. Oslo: Pax.

Giddens, A. & Sutton, P. W. (2017). Sociology (8. utg.). Cambridge: Polity Press.

Jensen, E. (2013, 12. mai). Levekår og kriminalitet. Henta frå https://krus.brage.unit.no/krus-xmlui/handle/11250/160431

Schiefloe, P. M. (2019). Mennesker og Samfunn (3. utg.). Oslo: Vigmostad & Bjørke.

Øia, T. (2013). Ungdom, rus og marginalisering. Oslo: Cappelen Damm.



CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 11.12.2020

Læringsressursar

Marginalisering, utanforskap og inkludering