Hopp til innhald

Fagstoff

Sosial interaksjon, kommunikasjon og teknologi

Kommunikasjon er ein del av all samhandling mellom menneske, og i sosiologien snakkar vi gjerne om sosial interaksjon som samhandling.
Eit ungt par tek ein selfie saman utandørs. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sosial interaksjon og kommunikasjon

Tenk på kva som skjer når du snakkar med nokon ansikt til ansikt. Kanskje smiler du, hever eit augebryn eller nikkar. Kanskje gestikulerer du for å understreke eit poeng i det du seier. Kommunikasjon handlar ikkje berre om kva du seier, men òg om korleis du seier det, om alt det vi òg formidlar på andre måtar enn gjennom språket.

I sosiologien snakkar vi gjerne om «sosial interaksjon» som samhandling. Sosial interaksjon er samspel eller vekselverknad mellom to eller fleire aktørar som er i aktivitet med kvarandre (Noack og Tjora, 2018). Kommunikasjon stammar frå det latinske «communicare», som betyr å gjere noko felles. Kommunikasjon – både verbal og ikkje-verbal – er ein del av sosial interaksjon.

Ikkje-verbal kommunikasjon er ansiktsuttrykk og gestikulering, det som vi ofte tenkjer på som kroppsspråk. Verbal kommunikasjon er språk. I sosial interaksjon – i møte med og mellom menneske – bruker vi ofte begge formene.

Både ikkje-verbal og verbal kommunikasjon er kulturelt avhengig. Det betyr at korleis vi tolkar og bruker det, varierer mellom ulike kulturar. I norsk kultur oppfattar vi til dømes «tommel opp» som «bra» eller «ok», mens i ein annan kultur uttrykkjer dette noko upassande og nedverdigande.

Teknologi, kommunikasjon og sosial interaksjon

Mykje av den daglege kommunikasjonen vår skjer no via sosiale medium, appar, e-post og internett. Vi har undervisning, møter og sosiale treffpunkt via skjerm. Eit digitalt samfunn har ført til nye kommunikasjonsmønster og kommunikasjonsformer, og det igjen påverkar sosial interaksjon. Dette kan ha både fordelar og ulemper. Til dømes kan kommunikasjon og interaksjon via sosiale medium bidra til at du kjem i kontakt med fleire som deler interessene dine, men det kan òg føre til kroppspress og digital mobbing.

Teknologi og kommunikasjon handlar ikkje berre om kommunikasjonskanalar i form av appar, men òg om korleis teknologi blir bygd opp og nytta. Dette kan få konsekvensar på fleire ulike nivå: for deg som individ, for organisasjonar i samfunnet, og ikkje minst for storsamfunnet. Tenk til dømes på korleis du kommuniserte og samhandla med andre då skulane blei fysisk stengde i mars 2020. Frå å vere på skulen, i eit klasserom, blei klasseromma «digitale». Dette ramma deg i stor grad som individ, men det ramma òg skulane og storsamfunnet samla sett, i det all interaksjon rundt undervisninga måtte vere via teknologiske verktøy.


Til refleksjon

Kva meiner du er dei viktigaste forskjellane mellom å møtast «ansikt til ansikt» og å møtast berre via ein skjerm? Korleis påverkar det sosial interaksjon og kommunikasjon?

Teoriar om sosial interaksjon

Omgrepet «mikrososiologi» blei teke i bruk av sosiologen Harold Garfinkel, og han blir òg sett på som grunnleggjaren av etnometodologien. Etnometodologar er opptekne av kva menneske gjer i omgangen sin med kvarandre og kva praksisar dei tek i bruk i interaksjonen med andre menneske, og dette omfattar òg korleis vi snakkar saman – altså kommunikasjonsmønster. Etnometodologien prøver finne svar på «den ekstraordinære organisering av det ordinære liv» – altså kvardagslivet. Kvardagslivet er ikkje berre noko som skjer – menneske følgjer normer og skaper mønster – det alminnelege kvardagslivet blir sett under lupa og studert i etnometodologien. Garfinkel studerte mellom anna kva som skjedde når ein ikkje responderte som forventa i daglegdags samtale.

Sosiologen Erwing Goffman studerte òg sosial interaksjon, og han brukte omgrep frå teaterverda i analysen sin av «vårt rollespill til daglig». Vi lever livet som på ei scene, der rollene vi har «frontstage» – på scena – skil seg frå rollene vi har «backstage». Det vi presenterer «frontstage», vil som oftast vere noko heilt anna enn det vi presenterer «backstage». Når du planlegg korleis profilen din skal sjå ut på til dømes Instagram, eller når du chattar med nokon via Snapchat, er dette «backstage», mens det du faktisk legg ut og seier, er «frontstage». Du presenterer deg sjølv som på ei scene.

Antropologen Edward T. Hall var oppteken av ikkje-verbal kommunikasjon og utvikla ein teori om fire ulike soner. Her tok han for seg fysisk avstand i sosial interaksjon, med utgangspunkt i vestleg kultur.

Hall kalla dette «proxemics» – studiet av korleis fysisk avstand påverkar kommunikasjon og sosial interaksjon.

Sosial interaksjon og kommunikasjon utgjer kanskje hovudparten av det daglege livet vårt, både gjennom kvardagsliv og arbeidsliv. Teoriar er verktøy for å forstå nye problemstillingar om dette. Når teknologi kan medføre færre fysiske møte, og når måten vi kommuniserer på endrar seg som følgje av det, er det kanskje viktigare enn nokosinne å analysere og studere kva det kan føre til?

Relatert innhald

Erving Goffman skildrar den daglege interaksjonen vår som eit slags rollespel der vi planlegg korleis vi vil framstå for andre.

Kjelder

CC BY-SASkrive av Kristin Sundstrøm.
Sist fagleg oppdatert 28.01.2021

Læringsressursar

Kommunikasjon og samhandling