Hopp til innhald

Fagstoff

Erving Goffmans rollespill

Kvifor oppfører folk seg slik dei gjer? Dette er noko antropologar ofte har vore nysgjerrige på. Her skal vi sjå litt nærmare på ein av dei sentrale forskarane på området, nemleg Erving Goffman.
To teatermasker: ei svart maske med trist uttrykk, ei kvit maske med glad uttrykk. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Status

Før vi går nærmare inn på Goffman sine teoriar, må vi gjere greie for nokre fagomgrep. Desse omgrepa er viktige for i det heile teke å forstå kva Goffman snakka om.

Alle menneska har ein del statusar. Ein status er eit attkjennande trekk ved ein person, med visse plikter og rettar knytte til seg. Den sosiale personen er på mange måtar sett saman av statusar. Lærar, far, son og venn er døme på ulike statusar ein person kan ha.

Kva for ein status som er relevant i ein konkret situasjon, vil sjølvsagt variere. Du arbeider kanskje som lærar, men det ikkje formålstenleg å spele ut statusen lærar i bursdagsselskapet til barnet ditt. Der er du først og fremst til stades som mor eller far.

Dei fleste statusane har ei forventa åtferd knytt til seg. Alle forventar at ein lege, ein lærar eller ein butikktilsett skal oppføre seg på ein bestemd måte. Ein butikktilsett skal til dømes hjelpe kundane når det er behov for det.

Enkelte statusar har likevel ikkje noka standardåtferd. Kva er fasiten på statusen som kjæraste? Gjennom eit langvarig kjærleiksforhold vil du alltid finne nye element ved statusen. Her er alltid noko nytt å oppdage, til forskjell frå andre og meir føreseielege statusar.

Noter

Kva for statusar har du? Skriv ned ti døme.

Roller

Når du har ein bestemt status, legg han til vanleg klare føringar for korleis du skal oppføre deg. Det er her rollene kjem inn i biletet. Ei rolle er den åtferda som er forventa av deg når du har ein bestemt status. Tenk deg at du er lege på eit sjukehus. Då er dette statusen din, og rolla di er det du faktisk gjer som lege. Rolla er med andre ord korleis du snakkar, ter deg og oppfører deg som lege.

I og med at kvar status har visse plikter knytte til seg, står du ikkje fritt til å oppføre deg som du vil. Vi forventar til dømes at ein sjaman skal kunne kontakte andeverda. Ein konge kan ikkje besøkje pubar i tide og utide, og ein lege skal kunne svare på medisinske spørsmål. Viss du ikkje oppfyller krava som blir stilte til ein status, kan du rett og slett bli straffa for det. Dersom ein elev skulkar timen, vil hen få fråvær, og dersom ein bussjåfør fiklar med telefonen mens hen køyrer, vil hen få bot. Alt dette gjer kvardagen og møtet med ulike statusar til ein viss grad føreseieleg.

Dette betyr likevel ikkje at vi kan føreseie heilt nøyaktig korleis ein bussjåfør, far eller barnehagelærar vil oppføre seg. Kvar status har også eit visst handlingsrom, og rolla kan bli utspelt på like mange måtar som det finst menneske som innehar statusen. Ingen mødrer, lærarar eller vêrmeldarar oppfører seg vel på nøyaktig same måte?

Tenk over

Har du nokon gong møtt ein person som ikkje har oppført seg slik som du hadde forventa? Kva var situasjonen?

Goffman sitt rollespel

Ifølgje Goffman kan vi manipulere statusane våre og spele dei på ein slik måte at dei verkar til vår fordel. Åtferda vår er ikkje nødvendigvis naturleg, men snarare eit resultat av planlegging: Vi vil gjerne styre kva slags inntrykk dei andre får av oss. Dette kallar Goffman for inntrykkskontroll (impression management).

For å forklare korleis vi planlegg og manipulerer statusane våre, tek Goffman i bruk omgrep frå teaterverda. For han er dette nærmast som eit rollespel å rekne, og han skil mellom det som går føre seg backstage og frontstage.

Backstage er dei områda der vi ikkje treng å ta omsyn til nokon andre, samtidig som vi i ro og mak kan planleggje korleis vi skal spele ut statusen vår på best mogleg måte. Det er backstage vi legg strategiane for å kontrollere det inntrykket andre får av oss, til dømes når vi øver på ein munnleg presentasjon eller ein tale framfor spegelen heime. Både presentasjonen og talen har det formålet at vi skal vise oss fram på ein spesiell måte, og det er dét vi øver på. Vi vil kontrollere korleis dei andre oppfattar oss, akkurat som ein skodespelar ønskjer å påverke publikum.

Ein smilande mann som ser seg i spegelen og som tek spegelbiletet sitt i handa. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Då seier det seg kanskje sjølv at utføringa av statusen går føre seg frontstage. Dette er situasjonar der vi må spele ut det vi har planlagt. Viss du har øvd på ein festtale på stuegolvet heime, vil sjølve festen og talen vere det Goffman kallar for frontstage, eller scena. Det er no det gjeld, det er her alt du har øvd på, skal brukast, og det er i slike situasjonar du skal forsøke å kontrollere det inntrykket andre får av deg.

Ifølgje Goffman er altså ein stor del av åtferda vår planlagd. Vi ønskjer å kontrollere korleis andre oppfattar oss, og til ein viss grad speler vi av og til eit skodespel.

Tenk over

Kjem du på nokre situasjonar der du verkeleg har planlagt korleis du skal oppføre deg? Situasjonar der du har prøvd å påverke korleis andre menneske skal oppfatte deg?

Omgrep

  • Status: eit attkjennande trekk ved ein person, med visse plikter og rettar knytte til seg; den sosiale personen er sett saman av fleire statusar, til dømes dotter, lege, mor, venn og så vidare
  • Rolle: måten vi oppfører oss på innanfor ein status
  • Inntrykkskontroll: det vi gjer for å prøve å kontrollere det inntrykket andre får av oss
  • Backstage: staden (og tankane) der vi planlegg korleis vi skal oppføre oss
  • Frontstage: situasjonen der vi prøver å oppføre oss slik som planlagt

Litteraturliste

Eriksen, Th. H. (2004). Små steder – store spørsmål. Innføring i sosialantropologi. Universitetsforlaget.

CC BY-SASkrive av Kai Arne Ulriksen.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Sosialisering