Hopp til innhald

Fagstoff

Den seksuelle sosialiseringa

Alle menneske er fødde som seksuelle vesen med evne til å nyte. Seksualiteten vår blir påverka av språket, kulturen og miljøet rundt oss og endrar seg hele livet.
Kvinne ristar på håret og ser nøgd ut. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er seksualitet?

Kort sagt handlar seksualiteten til mennesket om mykje meir enn å lage barn. Seksualitet handlar om det å nyte kropp, kjensler, tankar og aktivitetar. Seksualitet er altså noko som høyrer til det å vere eit menneske uansett kor ofte eller sjeldan ein seksuell aktivitet blir gjord – og anten du er singel eller har kjærast. Du har seksualiteten din, sjølv om du ikkje har hatt samleie eller orgasme, fordi seksualitet handlar om så mykje.

Korleis definere seksualitet?

World Health Organization (WHO) seier at seksualitet ikkje kan definerast med eitt ord, fordi det er så mykje ulikt og varierer frå person til person. WHO beskriv seksualitet slik:

Seksualitet er ein kjernedimensjon av det å vere eit menneske og inkluderer seksuelle handlingar, kjønnsroller, kjønnsidentitet, seksuell orientering, erotikk, intimitet, nærleik, stadfesting, kjærleik og reproduksjon. Seksualitet blir opplevd eller blir uttrykt i tankar, fantasiar, lengslar, ønske, tru, haldningar, verdiar, aktivitetar, handlingar, roller og forhold og er ei kjelde til glede og sjølvrealisering, så vel som til helseutfordringar og vanskar som rammar både kvinner og menn.

Seksuell utvikling

Seksualiteten vår blir heile livet endra og blir påverka av oppseding og miljøet rundt oss. Eit ord, eit blikk og ei berøring kan påverke oss og seksualiteten vår. Det heiter at seksualiteten blir sosialisert. Dei første leveåra blir rekna som dei mest avgjerande for den seksuelle sosialiseringa. Vi lærer oss kva vi liker og kva vi ikkje liker. Desse erfaringane dannar grunnlaget for det vi kallar tenningsmønster.

Det er i tidleg alder at mennesket finn ut kva dei tenner seksuelt på. Vi byrjar sakte, men sikkert å ane kva som lagar herlege kjensler i kroppen og kven vi blir forelska i. Somme tenner seksuelt på same kjønn, mens andre tenner seksuelt på eit anna kjønn. Vi finn ut kven vi har lyst til å kysse og gjere seksuelle aktivitetar med. Du finn ut kven og kva kjønn som gjer deg kåt. Når den seksuelle utviklinga di får sosialisere seg trygt med jamaldra, kan du lære mykje om eige og andres seksualliv.

Seksuell orientering handlar om kven vi blir forelska i, seksuelt tiltrekt av og ønskjer å vere saman med. Dei vanlegaste seksuelle orienteringane er heterofil, homofil, lesbisk og bifil.

Ungt homofilt par held rundt kvarandre i senga. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Seksualitet blir herma

Ifølgje sosiologane Gagnon og Simon blir seksualiteten til menneske forma av språket vårt. Dei har forska mykje på korleis seksualiteten vår blir utvikla, og korleis vi hermar kvarandre. Det at vi hermar etter kvarandre og får ulike seksualvanar, kallar Gagnon og Simon for seksuelle skript eller usynlege manus. Dei meiner vi har tre hovudskript:

  1. Dei individuelle seksuelle skripta dine blir skapte av det du liker, behova dine og det du erfarer med sansane dine. Til dømes viss du liker å bruke høgre hand, og ikkje venstre hand, når du berører deg sjølv, så er det det unike seksuelle skriptet ditt.

  2. Det relasjonelle seksuelle skriptet ditt blir skapt av det du forventar og gjer saman med andre. Viss vi har sett ein romantisk film som viser at det seksuelle skriptet er slik: først flørt, så kyssing og så samleie, så har mange ein tendens til å bli påverka av det skriptet og herme den rekkjefølgja i møte med andre.

  3. Det kulturelle seksuelle skriptet handlar om deg og det du vel å gjere, fordi du blir påverka av kulturen du lever i. Du kan bli påverka av ord, bilete, filmar og både skrivne og uskrivne reglar. Et døme på korleis norsk kultur påverkar seksualliva våre, er at i Noreg så reknar ein at kvinner, menn og andre kjønn er likeverdige og skal bestemme like mykje over seksuallivet sitt.

Bilete av eit skilt med påskrifta "Kiss and goodbye. No kisses above 3 mins.!".
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjelder

Bufdir. (2020, 17 april). Seksuell orientering. Lhbtiq ordlista. https://www.bufdir.no/lhbt/lhbt_ordlista/#heading11864

Gagnon, J., & W. Simon, W. (1973). Sexual Conduct: The Social Sources of Human Sexuality. Aldine.

Grünfeld, B. & Almås, E. (2021, 26 april). Seksualitet. I Store Norske leksikon. https://sml.snl.no/seksualitet

WHO. (u.å.). Sexuality. Sexual health. https://www.who.int/teams/sexual-and-reproductive-health-and-research/key-areas-of-work/sexual-health/defining-sexual-health

CC BY-SASkrive av Stine Kühle-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 24.06.2021

Læringsressursar

Sosialisering