Sosialiseringsarenaer - Sosiologi og sosialantropologi - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Sosialiseringsarenaer

Når vi lever saman med andre menneske, blir vi påverka av dei. Det er ikkje mogleg å seie kven som påverkar oss mest, sidan det har samanheng med om vi snakkar om barndom eller ungdom, skule eller arbeidsliv. La oss sjå litt nærmare på kven som påverkar oss.

Nokre normsendarar

Gjennom omgang med andre menneske generelt, og i situasjonar der vi blir oppseda, spesielt, blir vi påverka av andre. Å påverke vil mellom anna seie å gi signal om kva normer som blir rekna for å gjelde. Derfor kallar vi dei som påverkar, eller prøver å påverke, normsendarar.

Dei viktigaste normsendarane er:

Familien

Familien skal lære barna grunnleggjande normer og verdiar – at det er stygt å stele, ljuge og slå, og at det er viktig både å samarbeide med andre og å kunne stå på eigne bein og hevde eigne meiningar og synspunkt. I heimen får barna opplæring i grunnleggjande normer og verdiar. Språkinnlæring, å lære eit morsmål, er ein del av denne prosessen. Dette er primærsosialisering. Ho går føre seg i nære relasjonar og er ei personleg sosialisering.

Barnehage, skule og arbeidsliv

I barnehagen og skulen får barna styrkt mange av dei normene og verdiane som dei har møtt i familien. Ein skilnad kan vere at barna i barnehagen i større grad må lære seg å ta omsyn til andre. Dei må dessutan så smått lære å hevde seg overfor andre som krev like mykje merksemd. Denne konkurransen verkar inn på utviklinga av identiteten til dei unge.

Det som skil sekundærsosialiseringa frå primærsosialiseringa, er at barnet skal få trening i spesifikke ferdigheiter. I skulen får elevane kunnskap og trening i ferdigheiter. Det kallast formell sosialisering. Elevar er veldig mykje av tida si på skulen, og derfor blir lærarar og medelevar viktige i denne prosessen. Formell sosialisering går føre seg også i arbeidslivet, der ein må kvalifisere seg for ulike typar jobbar og oppgåver. I tillegg blir det kravd gode sosiale ferdigheiter for å passe inn og løyse ulike arbeidsoppgåver. I dei fleste jobbar blir det stilt krav både til kommunikasjonsferdigheiter og evne til å samarbeide, ved sida av at ein må tilpasse seg normene og reglane til arbeidsgivaren.

Vener og fritidsaktivitetar

Vener og kameratar er viktige sendarar av uformelle normer og verdiar. Dei fleste er godt tilpassa normene i samfunnet og er positive bidrag i sosialiseringa. Nokre går saman om å starte band, andre liker friluftsliv eller dataspel. I somme tilfelle kan verdiane i ein venegjeng gå på tvers av dei formelle og offisielt godtekne normene. Ja, i nokre miljø er det slik at du faktisk må bryte offisielle normer for å bli godteken. Andre igjen dyrkar aktivitetar som er uakseptable elles i samfunnet, det kan gjelde tagging eller lovbrot og kriminell aktivitet.

Men dei fleste fritidsaktivitetar, som korsong, fotball, musikk, dans eller å delta i organisasjonar, er i tråd med andre grunnleggjande verdiar i samfunnet, der menneske utviklar seg og ferdigheitene sine. Her møtest personar som har felles interesser eller ferdigheiter. Men ein kan stille spørsmål ved om denne typen fritidsaktivitetar blir så sterkt styrte av vaksne at dei faktisk blir ein del av den formelle sosialiseringa.

Andre sosialiseringsarenaer

Massemedium

Massemedium er aviser, bøker, fjernsyn, teikneseriehefte, radio, video og film, for ikkje å snakke om Internett. Desse massemedia påverkar utan tvil utviklinga av identiteten til dei som bruker dei. Ein grunn er at dei i høg grad formidlar normer og verdiar. Når dei på sportssidene hyllar sigerherrane, seier dei at det er viktig å vinne og bli ein einar i samfunnet. Når dei fortel om det gode liv for rike kjendisar, seier dei at lykka er pengar. Likevel finn vi også forteljingar om varme menneske som ofrar nærmast alt for andre. Det er svært vanskeleg å seie noko sikkert om korleis massemedia bidreg til å utvikle identiteten hos brukarane.

Web 2.0 er eit uttrykk for nye nett-tenester som er kjenneteikna av at dei er interaktive, altså der nettbrukaren sjølv er med på å drive tenesta ved å delta, bidra og interagere med andre brukarar av tenesta. Facebook, Instagram, Snapchat, YouTube og Wikipedia er døme på web 2.0-tenester. Web 2.0 er i høgste grad eit massemedium som kan påverke identiteten til brukarane, eller vere med å forme dei. Grensene for kva som er tillate å skrive om seg sjølv og andre, og kva ein viser av seg sjølv og fortel om seg sjølv, blir oppfatta som ulikt av ulike brukarar. Dette kan fortelje oss både at brukarane har ulike verdiar og normer for kva dei vil dele med ukjende, men også at media kan presse deltakarane medvitne eller umedvitne i ulike retningar.

Religion

Religion er med på å styrkje dei tradisjonelle normene og verdiane. I mange samfunn er normer og verdiar knytte til religion viktige fellesverdiar. Bibelen, Koranen, Talmud og andre skrifter blir dermed også lærebøker i etikk og moral. Trussamfunnet bidreg til identitetsutviklinga på mange måtar, ikkje minst ved at det står for seremoniar knytte til viktige fasar i livet. Markering av fødsel, overgangen frå barn til vaksen, ekteskap og død er ofte knytte til religion. Vidare er det mange menneske som søkjer saman i religiøse foreiningar og opplever fellesskap med andre.

Sosialiseringsprosessar i endring

Sosialiseringa av barn i Noreg har endra seg veldig dei siste 100 åra. Auka krav til skulegang, ein ny og kunnskapsbasert arbeidsmarknad og mange nye kanalar for påverknad har endra ramma rundt sosialisering av ungdom i Noreg i dag.

1. Familien som sosialiseringsaktør

For 100 år sidan blei barn i større grad enn i dag sosialiserte i heimen. Dei var ikkje i barnehage, og mykje av den formelle ferdigheitstreninga gjekk føre seg innanfor ramma av heimen. I dag går dei fleste barn i barnehage, og vi har obligatorisk skulegang. Det blir mindre tid til personleg sosialisering i nære relasjonar.

2. Sekularisering av normer og verdiar

Noreg er eit sekulært samfunn, det vil seie at det er liten eller ingen samanheng mellom lover og styresmakter på den eine sida, og religiøse påbod og leiarar på den andre. Sjølv om religiøs etikk og moral står sterkt i samfunnet, er det mykje som tyder på at det norske samfunnet blir sekularisert. Den religiøse påverknaden blir stadig mindre. På den eine sida overtek staten oppgåver som tidlegare har blitt utførte av religiøse institusjonar, og på den andre står den private dimensjonen, som fører med seg at religion tyder mindre for individet. I praksis vil dette seie at religiøse normer og verdiar ikkje styrer framferda til folk så mykje som tidlegare eller i andre samfunn.

Verdiane som pregar sosialiseringa, er altså ikkje religiøst funderte i like stor grad som før. Verdiar som demokrati, objektivitet (frå vitskapen) og menneskerettar står sterkt i Noreg. Samstundes veit vi at nokre av dei grunnleggjande verdiane i samfunnet også er sentrale i ulike religionar. Nokre læresetningar er så innebygde i språket at det er vanskeleg å vite kor dei kjem frå:

  • Du skal ikkje slå i hel!
  • Du skal ikkje ljuge!

3. Formalisering av sosialiseringa og livslang læring

Barnehage, skular og organiserte fritidsaktivitetar tek stadig meir tid i liva våre og bidreg til at mykje av sosialiseringa er formell. Dette er tendensar som blir styrkte gjennom tanken om livslang læring. Arbeidstakarane skal halde fram med å ta utdanning innanfor mange ferdigheitsområde også etter at dei er komne i arbeid gjennom vidareutdanning. Det blir venta at ein skal gå inn i ein livslang læringsprosess.

Relatert innhald

Fagstoff
Sosiale roller og normer

Sosialiseringa er ein livslang prosess der vi møter stadig nye forventningar og lærer nye sosiale roller.

Skrive av Erik Sølvberg, Elisabeth Kristoffersen og Gro-Anita Mortensen. Rettshavar: Fagbokforlaget
Sist fagleg oppdatert 10.08.2018