George Herbert Mead om sjølvet og «den generaliserte andre»
Den første fasen er når barnet (babyen) imiterer åtferda til dei rundt seg. For eksempel når foreldra smiler til barnet, så smiler barnet tilbake. I denne første fasen er det dei nærmaste familiemedlemmene som er viktige, gjennom symbol – som språk, kroppsspråk og åtferd. Barnet begynner å forstå symbola og «hermar» etter dei som er nærmast seg. (Giddens 2016:97) Når for eksempel far eller mor lagar middag, hermar barnet ved å skramle med kasserollar og kjøkenreiskapar.
Den andre fasen er der barnet gjennom leik utøver rolletaking, for eksempel leikar politi, mor og far o.l. Barnet begynner å sjå seg sjølv frå andre sitt perspektiv. I denne fasen leikar barn meir med andre barn og deltek i større grad i aktivitetar på fleire arena. (Giddens 2016)
Den tredje fasen er der barnet begynner å forstå spelereglane i samfunnet og dei sosiale gruppene det er ein del av, og blir bevisst på kva forventningar det er til dei ulike rollene. Kvar enkelt rolle blir utøvd vel vitande at andre har forventningar til rolla. Eksempel: Er du kaptein på fotballaget, har dei andre spelarane forventningar til rolla du har som kaptein. Og ein føresetnad for at gruppa skal fungere saman, er at alle kjenner rolleinnhaldet og normene knytte til det. (Østerberg 2012) Det handlar ikkje berre om dei formelle normene, som reglane for fotball, men også dei uskrivne normene og forventningane knytte til denne samhandlinga.
«Den generaliserte andre» er alle rundt oss som påverkar oss, og som er med på å forme identiteten vår. Det inneber at dei kulturelle uttrykka for den kulturen vi er ein del av, også er med på å forme oss som individ. Dei tre fasane viser at vi blir sosiale vesen gjennom samspel med andre, og dette er ein livslang prosess.
Vi kan framleis bruke Mead sin teori og omgrepsapparat for å forstå og forklare at sjølvet har eit «sosialt opphav». (Østerberg 2012:82)
Tenk deg når du begynner på vidaregåande og møter nye klassekameratar og nye lærarar. Alle som deltek i klasserommet, har ei oppfatning av kva som er forventa av dei ulike rollene, og vil tilpasse seg dette. Vi er merksame på tilbakemeldingar vi får, gjennom språk, ansiktsuttrykk og gestar – gjennom det som skjer i klasserommet.
Mead sin teori blir òg kalla speglingsteori. Vi speglar oss i tilbakemeldingane vi får frå andre og tilpassar oss etter det. På denne måten blir sjølvbiletet vårt utvikla – korleis vi sjølv ser på oss sjølv, og korleis andre ser på oss. Tenk på korleis reaksjonane til andre menneske påverkar deg, både det vi oppfattar som negative reaksjonar, og positive reaksjonar. Mead sin teori har innverknad på sosiologi gjennom vidareutviklinga av retninga «symbolsk interaksjonisme». (Østerberg 2012: 83) Symbolsk interaksjonisme har eit mikrososiologisk perspektiv – vi prøver å forstå og forklare verkelegheita gjennom å sjå på deltakarane sin interaksjon (samhandling).
- Giddens, A, Duneier, M, Appelbaum, R.P, Carr, D. (2016) «Introduction to sociology» New York: W.W Norton & Company
- Østerberg, D. (2012) «Sosiologiens nøkkelbegreper» Oslo: Cappelen Damm Akademisk