Statusar, backstage og frontstage
Den sosiale personen består av ulike statusar, til dømes mor, lege, dotter, tennisspelar og så vidare. Kva slags status du vel å spele ut, er avhengig av kva slags samanheng du er deg i.
Kva for tre statusar meiner du er dine viktigaste, og kvifor? Skriv ned både statusane og grunnane dine.
Spør fem personar i klassen din om det same, og be dei grunngi svara sine.
Kva trur du er grunnen til at mange personar på same skule kan rangere statusane sine forskjellig? Kva for faktorar er det som speler inn? Familie, oppvekst, religion, økonomi?
Erving Goffman brukar omgrepet inntrykkskontroll for å forklare når menneske prøver å kontrollere kva slags inntrykk andre får av dei, og i denne oppgåva skal de øve på dette.
For å gjere det skal de lage tre små rollespel mellom a) ein bussjåfør og ein passasjer, b) ein lege og ein pasient, og c) ein hotellresepsjonist og ein gjest. Men før de set i gang må de gjere litt forarbeid.
Forarbeid
Sett dykk saman i grupper på seks personar, eitt par til kvart rollespel.
Diskuter korleis ein bussjåfør, lege og en hotellresepsjonist burde oppføre seg. Kva rammer for oppførsel er det statusen set? De må gi grunn for argumenta dykkar. Kvifor oppfører ein bussjåfør/lege/hotellresepsjonist seg på ein bestemt måte?
Rollespel
Etter at de har gjort forarbeidet, lagar de tre korte rollespel som skal visast til resten av klassen. Alle para skal spelast i to omgangar. Først skal bussjåføren/legen/hotellresepsjonisten oppføre seg slik statusen krev. Deretter skal dei bryte med dei forventningane statusen inneber. Her kan dei som jobbar saman bytte roller, så den som var bussjåføren neste gang er passasjeren, og så vidare. I begge omgangane må de gå backstage for å planleggje korleis de skal styre inntrykka motspelaren (og publikum) får av dykk frontstage.
Etterarbeid
Etter at rollespela er utførte, skal de setje dykk saman igjen for å diskutere kva for ein av desse statusane som har det største spelerommet, og kvifor. Kva for status opnar for at innehavaren kan forme den mest etter sitt bilete? Argumenter for svara dykkar.