Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Teknologi og kommunikasjon

I denne oppgåva skal du sjå på korleis kommunikasjon har endra seg i takt med utviklinga av ny teknologi – med hovudvekt på massekommunikasjon. Kva betyr det for oss og samfunnet vi lever i?
Tre ungdommar bruker sosiale medium inne i ein skulebygning. I lufta rundt dei svevar ikon som illustrerer interaksjonen som går føre seg. Illustrasjon.

Oppgåve 1. Forklar


Les artikkelen personleg mediert kommunikasjon, og forklar korleis personleg mediert kommunikasjon påverkar både massekommunikasjon og personleg kommunikasjon mellom menneske.

Oppgåve 2. Drøft

Dagens ungdom har vorte kalla «digitale innfødde». Omgrepet blei først brukt av forfattaren Marc Prensky, men han har i ettertid valt å gå bort frå dette omgrepet, og omgrepet er omdiskutert og kritisert. Kritikken som er reist, handlar i hovudsak om at dette er ein myte, og at passiv bruk av digitale verktøy ikkje er det same som kunnskap og kritisk tenking knytt til bruk.

  1. Ta utgangspunkt i deg sjølv og det å vere ungdom i dagens samfunn, og noter ned tre punkt du meiner kan gi utfordringar knytt til kommunikasjon i dagens høgteknologiske samfunn, og tre punkt du meiner gir moglegheiter.

    Del punkta dine med klassen eller med ei gruppe medelevar, anten på tavla eller gjennom å bruke eit digitalt verktøy for presentasjon, til dømes ein padlet.

  2. Med utgangspunkt i det du har jobba med i oppgåvene og punkta som klassen/gruppa har delt: Skriv ein drøftande tekst med tittelen «Ungdom og kommunikasjon i eit digitalt samfunn».
CC BY-SASkrive av Kristin Sundstrøm.
Sist fagleg oppdatert 18.06.2021

Læringsressursar

Kommunikasjon og samhandling