Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff

Digitale verktøy til presentasjon

Presentasjon av arbeid i fag kan gjerast på mange ulike måtar. Nokre digitale verktøy støttar lineære framstillingar, andre viser samanhengar, mens ein tredje kategori gir moglegheit for å publisere innhald.

Strukturer presentasjonen din

Bruk av digitale presentasjonsverktøy hjelper deg med å sortere, organisere og formidle forståinga di for eit emne eller ei problemstilling. Det kan hjelpe deg med å forstå og vise samanhengar i og mellom fag kva erfaringar du har gjort deg i ein læringsprosess

Nokre digitale presentasjonsverktøy gir verdifull visuell støtte i ein munnleg presentasjon, mens nokre verktøy gir deg moglegheit til å publisere ferdig omarbeidd innhald.

Lysbiletevisning

Lysbiletevisning er det presentasjonsverktøyet vi er best kjende med. Vanlegvis blir lysbileta viste fram på skjerm i klassen mens du har ei munnleg framføring. Ein lysbiletepresentasjon hjelper deg med å sortere innhaldet i ei tydeleg rekkefølge. Du får øving i å ha ein tydeleg start, halde på eit fokus undervegs og ha ei klar avslutning.

I tillegg til at lysbiletevisning gir deg øving i å systematisere og formidle ein bodskap, øver du deg i å samanlikne tale frå manus med visuell støtte frå lysbileta mens du kommuniserer med eit publikum.

Det vanlegaste presentasjonsvertøyet er Microsoft PowerPoint.

Visuelle samanhengar

Det finst andre verktøy du kan bruke for å støtte ein munnleg presentasjon visuelt. Desse kan hjelpe deg med å vise fram samanhengar som ikkje nødvendigvis er lineære.


Relatert innhald

Skrive av Albertine Aaberge.
Sist oppdatert 22.09.2026