Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Redaktøransvar og sosiale medium

Du skal her diskutere forskjellane mellom redaksjonelle og ikkje-redaksjonelle medium, og kva slags ansvar du sjølv har når du publiserer noko i sosiale medium.

Oppgåver

  1. Sjå filmen. I filmen snakkar ein om at i dag er vi alle redaktørar. Finn ut kva som er forskjellen på redaksjonelle og ikkje-redaksjonelle medium. Diskuter om også enkeltpersonar har redaktøransvar for det dei publiserer i forskjellige kanalar.
  2. Kva slags ansvar har du og eg som publiserer ting på bloggar og sosiale medium? Klarer du å finne ut kva for lover ein måta omsyn til når ein publiserer innhald på sosiale medium? Kan du til dømes leggje ut bilete av andre personar utan samtykke? Kva for lover må dei redaksjonelle media ta omsyn til?
CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 12.12.2019

Læringsressursar

Kommunikasjon og samhandling