Hopp til innhald
Oppgåve

Sosiale medium – ven eller fiende?

Kva gjer sosiale medium med oss? I denne oppgåva skal du sjå nærare på dette spørsmålet.

I denne oppgåva skal du reflektere, argumentere og drøfte konsekvensar av sosiale medium i samfunnet i dag.

Oppgåve 1 – reflekter og argumenter

  1. Jobb først på eiga hand, og reflekter over spørsmålet: Kan bruk av sosiale medium vere både positivt og negativt? Noter ned tre argument for kva som kan vere positivt og tre argument for kva som kan vere negativt.

  2. Sit i grupper på tre til fire, og samanlikn argumenta dykkar. Sorter argumenta dykkar i to kolonnar: ein kolonne som vektlegg det som er positivt, og ein kolonne som vektlegg det som er negativt ved sosiale medium.
  3. Diskuter om nokre argument er ganske like, og omformuler eventuelt dei argumenta som uttrykkjer same meining til eitt hovudargument. Vel deretter i fellesskap seks argument – tre for og tre mot – som er svar på spørsmålet i oppgåve a. Noter ned argumenta de har blitt samde om i ei felles liste eller eit dokument. Ha argumenta i kolonnar slik de gjorde i oppgåve 1b.

Oppgåve 2 – vurder ulike kjelder

Skumles og vurder kjeldene som det er refererte til i punkta under. De kan fordele tekstane mellom dykk i gruppa, slik at kvar enkelt kort fortel dei viktigaste punkta frå innhaldet i den tildelte teksten sin og vurderer kjeldene. Her kan de bruke TONE når de vurderer kjeldene.

Kjeldene du skal vurdere, er desse:

  • Forskaren Arild Bergh viser til at sosiale medium har blitt eit våpen som kan brukast til å spreie desinformasjon, og som gir ulike aktørar makt over fleire samfunnsforhold.
  • På den andre sida har forskaren Fulvio Castellaci publisert ein studie som viser at sjølv om bruk av sosiale medium kan ha negative konsekvensar, kan riktig bruk gjere oss lykkelegare.
  • Jaron Lanier, ein amerikansk informatikar, hevdar sosiale medium og algoritmane dei er bygde opp av, manipulerer oss og gjer oss avhengige, og at vi vil få eit betre liv utan dei. Lanier refererer til dette som «buret som er med oss overalt» – og han har òg skrive boka 10 argumenter for å slette sosiale medier nå.

Drøft i gruppa: Kva argument vil de føye til lista de skreiv i oppgåve 1, etter å ha lese og vurdert kjeldene? Legg eitt eller to argument frå dei tre kjeldene i kvar kolonne på lista dykkar.

Dei ti argumenta til Jaron Lanier

(Utdrag frå 10 argumenter for å slette sosiale medier nå. )

1. Du er i ferd med å miste din frie vilje.
2. Å slutte med sosiale medier er den mest målrettede metoden for å motstå galskapen i vår tid.
3. Sosiale medier gjør deg til en drittsekk.
4. Sosiale medier undergraver sannheten.
5. Sosiale medier gjør at det du sier, blir meningsløst.
6. Sosiale medier ødelegger dine empatiske evner.
7. Sosiale medier gjør deg ulykkelig.
8. Sosiale medier vil ikke at du skal ha økonomisk verdighet.
9. Sosiale medier gjør politikk umulig.
10. Sosiale medier hater sjelen din.

Lanier, J. (2019). 10 argumenter for å slette sosiale medier nå. Oslo: Res Publica.



Oppgåve 3 – drøft

Sjå filmen om algoritmar.

Video: Apollo Music / CC BY-ND 4.0
  1. Etter å ha sett filmen, drøft i gruppa korleis algoritmar påverkar og styrer kva vi ser og gjer via sosiale medium.
  2. Er det fleire argument de vil føye til på lista etter å ha sett filmen om algoritmar? Føy til nye argument i dei ulike kolonnane.
  3. Lagre og del lista med argument slik at alle i gruppa har ein eigen kopi. Den kan de bruke i oppgåve 4.

Oppgåve 4 – argumenter

Skriv ein argumenterande tekst på cirka 500 ord – ta utgangspunkt i minst tre av argumenta de har jobba med i oppgåve 1–3. Du vel tittel sjølv.

Tips: Bruk femavsnittsmetoden for å byggje opp teksten din!

Relatert innhald