Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Flashmob som broteksperiment

Korleis reagerer du viss nokon gjer noko uventa på bussen eller T-banen? Kva er det som er ramma for kva vi meiner er vanleg åtferd og framferd på slike stader? I denne oppgåva utforskar du flashmob som broteksperiment, og kva for nokre etiske retningslinjer vi må følgje som samfunnsforskarar.
Transpersonar i Bangladesh som gjennomfører ein flashmob. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis reagerer vi når noko uventa skjer i ein daglegdags situasjon? Kva skjer når nokon bryt normene for kva som vanlegvis skjer på ein offentleg stad?

I denne oppgåva skal du sjå nærare på dette – og reflektere over kva normbrot betyr for sosial interaksjon. Broteksperiment vart opphavleg nytta av sosiologen og etnometodologen Harold Garfinkel, og formålet med dei er å sjå kva normer betyr for sosial interaksjon.

Du kjenner kanskje til ordet flashmob? Det dreier seg om at ei gruppe menneske dukkar opp på ein offentleg stad og dansar, syng eller gjer noko som vanlegvis ikkje skjer der – og så forsvinn like raskt som dei kom. Det er ofte humoristisk, men ein flashmob kan òg vere eit verkemiddel for politisk aktivisme.

Flashmobar kan òg brukast som broteksperiment. Mellom anna prøvde sosiologistudentar ved NTNU dette ut som del av undervisninga. Her fekk dei testa ut kva som skjer når normer blir brotne.

Oppgåve 1

  1. Kva normer gjeld når ein er på ein buss eller T-bane?
  2. Sjå filmen. Kva reaksjonar skaper denne flashmoben?
  3. Kva normer meiner du vart brotne i filmen?
  4. Var det flest positive eller negative reaksjonar? Korleis reagerte folk på akkurat denne måten å gjennomføre ein flashmob på, og kva kan årsaka vere til det?
Om filmen frå København

Copenhagen Phil (Sjællands symfoniorkester) overraska reisande med ein flashmob. Medlemmene i orkesteret stod spreidde blant dei reisande i vogna, og braut så spontant ut i «Morgenstemning» frå Griegs Peer Gynt.

Oppgåve 2

  1. Diskuter i grupper eller i klassen: Kva for nokre etiske retningslinjer må ein ta vare på som samfunnsforskar?
  2. Diskuter i grupper eller i klassen: Kva for nokre etiske dilemma kan broteksperiment medføre, anten det er i form av flashmob eller noko anna?
  3. Studer punkt 5–8 under B, «hensyn til personer», i Forskningsetiske retningslinjer for samfunnsvitenskap. Diskuter deretter korleis broteksperiment kan gjennomførast samtidig som forskingsetiske retningslinjer blir tekne vare på.
  4. Forslag til klasseoppgåve: Gjennomfør eit broteksperiment i form av ein flashmob der de syng ein song på ein open arena, som ein park eller torg. Til diskusjon i klassen etterpå: Kva fann de ut om normer og normbrot som følgje av dette?

Relatert innhald

Fagartikkel som presenterer i korte trekk kva sosiologien i kvardagslivet kan vere og kva etnometodologi er.

CC BY-SASkrive av Kristin Sundstrøm.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2021

Læringsressursar

Kommunikasjon og samhandling