Hopp til innhald

Fagstoff

Å studere kvardagslivet

Sosiologar er òg opptekne av det vi kanskje vil kalle «kvardagsliv». Kvardagslivet utgjer trass alt ein stor del av livet til menneska i eit samfunn, og her kan vi studere former for samhandling og kommunikasjon. Etnometodologien er oppteken av nettopp dette – kvardagslivet.
Vener som helser med olbogen under covid-19-pandemien. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å studere kvardagslivet

Korleis ville du reagert viss ein kjend eller ein framand person i ein kvardagsleg samtale med deg stilte seg heilt inntil deg? Ville du prøvd å trekkje deg fysisk unna for å få meir plass mellom dykk? Ville du sagt frå? Eller ville du tenkt at dette var merkeleg, og kanskje litt ubehageleg?

Vi har forventningar til kva som er akseptabel åtferd i ei rekkje daglegdagse situasjonar, og vanlegvis tek vi kvardagslivet for gitt. Men nettopp kvardagslivet er interessant for sosiologar og sosialantropologar, for kvardagslivet dannar ei ramme for verkelegheita vår. Kvardagslivet fortel noko om oss – og om samfunnet vi er ein del av. Å studere kvardagslivet til folk gir oss òg ei forståing av samfunnet dei er ein del av.

Vi kan studere kvardagslivet på ulike måtar gjennom å bruke ulike sosiologiske perspektiv, og her skal vi sjå nærare på eitt perspektiv: etnometodologien.

Etnometodologi

Etnometodologar er opptekne av kva menneske gjer i interaksjonen med andre menneske. Kvardagslivet blir ikkje berre rekna som «noko som berre skjer» ubevisst – etnometodologar studerer korleis menneske følgjer normer og skaper mønster i kvardagslivet sitt.

«Etnometodologi» stammar frå gresk, og ifølgje Harold Garfinkel refererer dette til dei metodane (metodologiar) som menneske (etnos) bruker i kvardagsleg interaksjon (Jacobsen, 2005).

Det er viktig å understreke at etnometodologien ikkje reknar den sosiale verkelegheita vår som noko fast som berre følgjer gitte normer – ho blir skapt og endra kontinuerleg gjennom sosial interaksjon. Etnometodologien er oppteken av kva menneske gjer i form av handling og åtferd i gitte sosiale situasjonar, og kva vi gjer når forventningar blir brotne.


Tenk gjennom ein vanleg dag. Korleis ser ein kvardag ut for deg? Finst det eit mønster?


Harold Garfinkel

I dømet innleiingsvis bryt den eine parten forventningane til interaksjonen, og med andre ord er dette eit døme på eit normbrot. Harold Garfinkel blir rekna som opphavsmannen for etnometodologien, og han var kjend for det han kalla broteksperiment – normbrytande eksperiment. Der testa han ut kva som skjedde når normene blei brotne i ein gitt sosial situasjon. Han fekk studentane sine til å gjennomføre ulike eksperiment, som til dømes å oppføre seg som ein gjest i sin eigen heim overfor dei andre familiemedlemmene (Henriksen m.fl., 2017).

Garfinkel forklarte føremålet med eksperimenta sine med at han prøvde ta utgangspunkt i daglegdagse, velkjende situasjonar, og så spørje «kva kan bli gjort for å skape trøbbel», som igjen ville føre til reaksjonar som til dømes forvirring eller skuldkjensle (Garfinkel, 1967). Garfinkel peikte vidare på at han strengt teke heller ville kalle dette «demonstrasjonar», og ikkje eksperiment.


Studer denne dialogen (Garfinkel, 1967 – fritt omsett), der to vener snakkar om ein annan person som dei opplever som irriterande. I denne dialogen bryt B bevisst normene for forventa respons, for å sjå korleis A reagerer.


A: Eg blir sjuk av den fyren!
B: Kan du forklare meg kva som er feil med deg sidan du er sjuk?
A: Fleiper du? Du skjøner kva eg meiner!
B: Ver venleg og forklar kvar du har vondt.
A: (ser på B med eit spørjande uttrykk) Kva går det av deg? Vi snakkar aldri på denne måten, gjer vi?




Føremålet med dei normbrytande eksperimenta er å vise kva som er akseptabel åtferd, og å vise at vi gjennom eksperimenta kan teste ut kva som er rammene for kvardagslege situasjonar. Eksperimenta gjer at vi ser det vi tek for gitt i ein daglegdags, sosial situasjon.

I ettertid forlét Garfinkel broteksperimenta sine, mellom anna fordi han såg etiske konsekvensar og fekk kritikk frå dei som blei utsette for eksperimenta. Nokre av eksperimenta hans var ganske ukonvensjonelle (Jacobsen, 2005). Trass i dette består etnometodologi framleis som eit perspektiv for å studere sosiologien i kvardagslivet, sidan normbrytande eksperiment kan gjennomførast på andre måtar enn dei opphavlege forsøka til Garfinkel.

Normbrytande eksperiment blir framleis brukte i både sosiologi og psykologi (Henriksen m.fl., 2017) og er framleis aktuelle for å studere kvardagslivet og sosial interaksjon, men det føreset at vi gjennomfører dei på ein etisk forsvarleg måte som samfunnsforskarar.


Du har kanskje høyrt uttrykket «dance like nobody is watching»? Kva vil skje dersom du spontant kastar deg ut i entusiastisk dans i skulekantina ein tidleg måndag morgon?


Ei kvinne med munnbind sit på offentleg transport. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å forstå samfunnet

Alt vi gjer til dagleg, alle møta vi har med andre menneske i kvardagen, er sosial interaksjon. Etnometodologien prøver å synleggjere kva denne interaksjonen består av, og kva han betyr – både kva vi gjer, og kanskje spesielt kva vi seier.

For å vere del av eit samfunn og delta i sosial interaksjon må vi ha kunnskap om normene, og det er gjennom dette vi skaper den sosiale verkelegheita vår. Med andre ord: Etnometodologar er opptekne av kva vi gjer i omgangen vår med kvarandre, og av kva kunnskap vi tek i bruk når vi samhandlar med andre menneske. Ein måte å få auge på det vi nærast ubevisst gjer, kan vere å studere kva som skjer når vi gjer noko heilt anna enn kva som er forventa i ein gitt kontekst.

Det er kvardagsliv det er «mest av», og etnometodologi kan vere eit nyttig verktøy når vi skal prøve å forstå samfunnet vi er ein del av og det mangfaldet «kvardagsliv» utgjer i eit samfunn.


Tips til vidare lesing: Vår sosiale virkelighet. En introduksjon til hverdagslivets sosiologi av Henriksen, Levang, Skaar og Tjora.


Kjelder:

  • Garfinkel, H. (1967). Studies in Ethnometodology. Polity Press.
  • Henriksen, I. M., Levang, L. E., Skaar, M. & Tjora, A. (2017). Vår sosiale virkelighet. En introduksjon til hverdagslivets sosiologi. Fagbokforlaget.
  • Jacobsen, M. H. & Kristiansen, S. (2005). Hverdagslivet. Sociologier om det upåagtede. Hans Reitzels forlag.
  • Mondada, L., Bänninger, J., Bouaouina, S. A., Camus, L., Gauthier, G., Hänggi, P., Koda, M., Svensson, H. & Tekin, B. S. (2020). Human sociality in the times of the Covid‐19 pandemic: A systematic examination of change in greetings. Journal of Sociolinguistics, https://onlinelibrary.wiley.com/doi/10.1111/josl.12433
  • Tjora, A. & Skirbekk, S. (2014). Etnometodologi. Henta 9. desember 2020 frå https://snl.no/etnometodologi


CC BY-SASkrive av Kristin Sundstrøm.
Sist fagleg oppdatert 18.02.2021

Læringsressursar

Kommunikasjon og samhandling