Hopp til innhald
Oppgåve

Kan vi førebyggje hatprat?

Kan vi skape ein kultur med reglar for samhandling som gjer at hatprat ikkje spreier seg?

Ta utgangspunkt i artikkelen Hatprat i klasserommet frå 22.juli-senteret.

Drøft i klassen eller i gruppe:

  1. Forfattaren av artikkelen stiller spørsmålet "Hva må til for å bygge en kultur der hatprat ikke blir møtt med "likes" og stille aksept, men med motargumenter og fordømmelse?". Ta utgangspunkt i fagomgrep som sosialiseringsprosess, normer, internalisering, primærsosialisering, sekundærsosialisering og referansegruppe, og prøv å svare på forfattaren sitt spørsmål.
  2. Forfattaren seier vidare: "Standarder og regler for samhandling som etableres der (klasserom/skole) kan spre seg, både på og utenfor nettet". Drøft og foreslå standardar og reglar som skal gjelde i din klasse og/eller skule.