Likestilling og medium
I denne oppgåva skal du lytte til podkasten Kjønnsavdelingen. Episode 2 - Media (soundcloud.com).
Lytt til den første delen av podkasten, og finn ut kva forskarane seier om spørsmåla under. Elisabeth Eide snakkar frå starten av podkasten og fram til 15:38, og Aina Landsverk Hagen snakkar frå 16:28 til 27:55.
Elisabeth Eide er professor og medieforskar. Ho har forska på korleis media framstiller kjønn, og om det er likestilling i media.
Korleis blir kjønn framstilt i media, ifølgje professor og medieforskar Elisabeth Eide?
Kva meiner ho er konsekvensane av korleis media framstiller kjønn?
Kva meiner ho kan gjerast for å fremje likestilling i media?
Aina Landsverk Hagen er sosialantropolog og forskar på netthets i media.
Kor omfattande meiner ho netthetsproblematikk er?
Kva påpeiker ho er konsekvensane av netthets?
Kva meiner ho er gode tiltak for å handtere netthets for dei som blir utsette for det?
I podkasten brukte forskarane uttrykk som feminisme, dagsorden, minoritetsmarkør, "sportifisering", seksualisert mobbing, ytringsskade, triggartema og hersketeknikk.
Forklar kva som blir meint med desse utrykka.
Skriv eit lesarinnlegg med overskrifta "Likestilling i media?" frå ståstaden din som ung voksen. Argumenter for korleis dette påverkar deg, og drøft kva du meiner må til for å fremje likestilling i media.