Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kulturelle og religiøse tradisjonar

I denne oppgåva skal de diskutere i grupper og prøve å sjå dei kulturelle og religiøse tradisjonane våre utanfrå.
Japansk kunstverk som skal førestille gudinna Amaterasu og opphavet til musikk og dans. Det er ulike personar i biletet. Sentralt er gudinna som står ved ein stein med sola bak seg, som stråler utover. Tegning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Diskuter i grupper.

  1. Les om shinto i Store Norske Leksikon, og forklar kvifor det er problematisk å omtale shintoismen som Japans opphavlege religion.

  2. Shintoismen har vore viktig for legitimeringa av den japanske nasjonalstaten og makta til keisaren, sidan den japanske keisaren blir rekna for å vere ein etterkommar av gudane. Ein av dei viktigaste gudane er solgudinna Amaterasu. I Noreg sørgde Olav den heilage for å knyte kristendommen til kongemakta gjennom innføringa av kristendommen og samlinga av Noreg. Reflekter ut frå desse døma over korleis religion kan legitimere makt, og kva parallellar det er mellom Noregs og Japans historie knytt til dette.

  3. Fleirkultur har ført til eit større religiøst mangfald i Noreg, mellom anna gjennom auken i talet på muslimar. Undersøk følgjande spørsmål på nett: Kvifor praktiserer ein ramadan og feirar eid?

  4. Ei av feiringane som tilhøyrer islam, er eid, som blir feira ved slutten av ramadan. Kan ein ateist, humanist eller kristen person vere med på ramadan eller eid-feiringa? Må du vere muslim for å delta? Blir du muslim av å delta på ein muslimsk aktivitet? Reflekter!

  5. Det er ofte debattar rundt julefeiringa i Noreg, til dømes når menneske frå andre trusretningar enn den kristne ikkje ønskjer å delta på juleaktivitetar. Blir den norske julefeiringa opplevd som kristen? Er feiringa ekskluderande for folk frå andre trusformer? Kan ho vere inkluderande? Reflekter, og grunngi svara de kjem fram til.

  6. Ordet "jul" er svært gammalt og blir framleis brukt på engelsk med skrivemåten "yule". Søk opp yule på nett og finn ut kva feiringa handla om før kristendommen vart innført.

  7. Reflekter rundt kvifor det i enkelte grupper er sosialt akseptert å praktisere fleire ulike religionar samtidig, som i Japan, mens vi i Noreg helst held oss til éin.

  8. Reflekter rundt animistisk praksis. Har vi noko av det i Noreg?

Relatert innhald

Både Japan og Noreg blir rekna som sekulære samfunn. At eit samfunn er sekulært, betyr at det praktiserer eit skilje mellom stat og religion.

CC BY-SASkrive av Julie Spro.
Sist fagleg oppdatert 25.06.2021

Læringsressursar

Kultur og kulturfenomen