Hopp til innhald
Oppgåve

Oppsummeringsoppgåve komparativ studie

Etter at du har jobba med ulike sider av det norske og det japanske samfunnet gjennom ein samanliknande studie, skal du no sjølv oppsummere det du har lært.

Oppgåve

Du får her to ulike oppgåver som kan brukast til å samanfatte prosjektet. Du skal velje berre éi av oppgåvene.

  1. Skriv ein fagartikkel på 500–800 ord der du først gjer greie for kva forskjellar og likskapar du finn mellom norsk og japansk kultur. Kom deretter med eigne betraktningar rundt desse forskjellane. Bruk fagomgrepa du har vorte introdusert for i denne læringsstien, og reflekter sjølvstendig rundt dei tre aspekta arbeid, religion og natur.

  2. Gå saman i grupper på rundt tre elevar, og lag ein podkast på 10–15 minutt der de først gjer greie for kva forskjellar og likskapar de finn mellom norsk og japansk kultur. Kom deretter med eigne betraktningar rundt desse forskjellane. Bruk fagomgrepa de har vorte introduserte for i denne læringsstien, og reflekter sjølvstendig rundt dei tre aspekta arbeid, religion og natur.