Hopp til innhald

Fagstoff

Ritual, religion og sekularisering

Både Japan og Noreg blir rekna som sekulære samfunn. At eit samfunn er sekulært, betyr at det praktiserer eit skilje mellom stat og religion. Om ein stat er sekulær eller ikkje, er ikkje eit spørsmål om anten-eller, men eit spørsmål om i kva grad.
Gammal kyrkje i kvit mur, med kross og gravsteinar utanfor. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Religion i Noreg

I Noreg og i nabolanda våre har det over lang tid skjedd ei gradvis svekking av makta kyrkja har over lovene, normene og verdiane i samfunnet. Statskyrkja vart avskaffa i Noreg i 2012, men den evangelisk-lutherske norske kyrkja står likevel i ei særstilling og blir framleis rekna som Noregs folkekyrkje.

Omtrent 70 prosent av den norske befolkninga er medlem av Den norske kyrkja, men få av desse er aktive deltakarar i kyrkjesamfunnet. På grunn av at befolkninga i større grad har vorte multikulturell, har fleire andre religionar eller livssyn òg fått innpass i det norske samfunnet, til dømes islam, Human-etisk forbund, hinduisme og buddhisme.

Religion i Japan

Japan er òg eit sekularisert samfunn med mange ulike trusformer, og dei største er buddhisme og shintoisme. Buddhismen er importert til Japan via Kina og har spreidd seg over heile verda, mens shintoismen er unik for Japan. Der buddhismen er orientert rundt Buddhas oppvakning og lova om karma, er shintoismen ein animistisk praksis som tillegg naturen rundt oss åndeleg og symbolsk verdi. Shintoistiske tempel finst ofte nær eit bestemt fjell, ei elv, havet eller ein skog. Nedanfor ser du portalen til tempelet Itsukushima i Miyajima.

Portal til tempel i Miyajima i Japan. Portalen består av to pilarar med tverrgåande pilarar på toppen, og er raud. Han står i vatn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Noko som er interessant ved japansk religionspraksis, er at japanarar ikkje alltid er spesielt nøye med kva religion som blir praktisert. Ein japanar kan gjerne vere medlem i både eit lokalt buddhistisk tempel og eit shintoistisk. Det er vanleg å feire fødsel og bryllaup med shintoistiske ritual, men utføre gravferder buddhistisk. I neste oppgåve skal vi samanlikne dette med korleis vi forheld oss til å blande ritual frå ulike religionar i Noreg.

Litteratur

Rots, Aike (2017): Shinto, Nature and Ideology in Contemporary Japan – Making Sacred Forests. Bloomsbury.

CC BY-SASkrive av Julie Spro.
Sist fagleg oppdatert 24.06.2021

Læringsressursar

Kultur og kulturfenomen