Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Arbeid i Japan og Noreg

Gjennom spørsmåla i denne oppgåva skal du reflektere over og utforske meir om likskapar og forskjellar mellom arbeidslivet i Japan og Noreg.
Ei stor mengd japanarar på veg til jobb. Alle er fint kledde og har munnbind på. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

  1. 31 år gamle Miwa Sado er ein av dei som har hatt eit dødsfall kategorisert som "karoshi". Ho hadde jobba 159 timar overtid på éin månad, og berre hatt to dagar fri. Undersøk kor mange timar ein standard arbeidsmånad er for ein nordmann, og kor mange timar vi jobbar i snitt i overtid, t.d. gjennom denne artikkelen om overtid frå SSB.

  2. Reflekter over korleis forventningane til tid brukt på jobb og med kollegaer er ulike i Japan og Noreg.

  3. Korleis skil kjønnsrollene i arbeidsmarknaden i Noreg og Japan seg frå kvarandre?

  4. Japan har ei av dei mest sjenerøse permisjonsordningane i verda. Likevel tek berre 6 prosent av japanske menn ut permisjon frå jobb når dei får barn. I 2020 skapte miljøvernministeren i Japan Shinjiro Koizumi stort oppstyr då han valde å ta ut pappapermisjon, og han tok berre to veker fri. Ut frå det du har lese om japansk kultur hittil, kvifor var dette ei såpass kontroversiell handling av miljøvernministeren?

Relatert innhald

For oss i Noreg er arbeid ein svært viktig del av identiteten vår, men i Japan er jobben så viktig at nokon til og med tek sin død av det.

CC BY-SASkrive av Julie Spro.
Sist fagleg oppdatert 23.06.2021

Læringsressursar

Kultur og kulturfenomen