Hopp til innhald

Fagstoff

Arbeidskultur i Noreg og Japan

For oss i Noreg er arbeid ein svært viktig del av identiteten vår, men i Japan er jobben så viktig at nokon til og med tek sin død av det.
Ei mengd menneske kryssar ein veg i Tokyo. Vi ser tog som passerer, og mange lyssette bygningar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I Noreg er arbeid ein svært viktig del av identiteten vår. Tenk på kva som skjer når du møter eit nytt menneske: Kva er det første du pleier å fortelje om deg sjølv eller spørje den andre personen om? Når nokon spør deg kva du «driv med», er personen som regel ute etter å vite kva slags jobb du har.

Sjølv om vi er svært knytte til kva slags arbeid vi gjer, er vi ikkje nødvendigvis så knytte til sjølve bedrifta vi jobbar for, og vi skiftar arbeidsplass mange gonger i løpet av livet. I Japan, derimot, jobbar ein gjerne på den første arbeidsplassen sin livet ut. Korleis påverkar dette forholdet til arbeidsplassen?

Det japanske arbeidslivet

Vi skal sjå på nokre fenomen i det japanske arbeidslivet som gjer det ulikt det norske.

Det eine er fenomenet "karoshi", som bokstaveleg talt betyr "død ved overarbeid", og det andre er kjønnsdelinga i arbeidsmarknaden. Japan har hatt så mange tilfelle av død som er relaterte til ekstrem arbeidsmengd, at dei har eit eige omgrep for det. På grunn av mange dødsfall knytte til overarbeid i Japan fekk landet i 2019 ei arbeidsmiljølov som avgrensar bruken av overtid til 100 timar i månaden.

Menn med dress og slips som søv mens dei køyrer T-bane i Tokyo. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I Japan er det eit sosialt stigma knytt til det å gå tidleg frå jobb, og spesielt viktig er det at du ikkje dreg før sjefen din. Det er òg ein del forventningar knytte til å gå ut og drikke alkohol med kollegaene og sjefen etter arbeidstid.

Desse forventningane gjer det vanskeleg å kombinere familie og jobb. 70 prosent av japanske kvinner sluttar å jobbe etter å ha fødd det første barnet sitt. Japan har ein av dei lågaste fødselsratane i verda, og folketalet er derfor på veg ned. Mange meiner at dette heng saman med at kvinner som ønskjer å jobbe, ikkje har moglegheita til også å ha barn.

Forventningane til kor mykje tid ein bruker på jobb, i tillegg til forventningane om å delta i sosiale aktivitetar med sjefen etter jobb, gjer det vanskeleg å kombinere jobb og barn. Når i tillegg dei kulturelle forventningane om at kvinna skal ta hand om barn og heim, er såpass sterke, blir det automatisk slik at kvinna sluttar å jobbe for å ta hand om barna, og at menn slit seg ut på jobben og ser lite til kone og barn.

Litteratur

OECD Family Database: Parental leave systems. Henta frå https://www.oecd.org/els/soc/pf2_1_parental_leave_systems.PDF

Ytterstad, Matias (5.10.17): "I Japan dør folk på jobb. "Karoshi" har krevd nok et offer." Dagbladet. Henta frå https://www.dagbladet.no/nyheter/i-japan-dor-folk-pa-jobb-karoshi-har-krevd-nok-et-offer/68759254

CC BY-SASkrive av Julie Spro.
Sist fagleg oppdatert 23.06.2021

Læringsressursar

Kultur og kulturfenomen