Hopp til innhald

Fagstoff

Fakta om Japan

Når du skal jobbe med ein komparativ studie om Noreg og Japan, er det nødvendig med litt faktainformasjon om Japan.
Menneskemengd i ei gate i Tokyo med ulike typar restaurantar og gatemat. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tett folkesett keisardøme

Japan, eller «Nippon» som japanarane sjølve kallar landet sitt, er eit konstitusjonelt keisardøme. Akkurat som i Noreg har keisaren (eller kongen) berre symbolsk makt, og det er statsministeren som styrer landet saman med parlamentet og regjeringa.

Sjølv om sjølve landarealet er omtrent like stort som i Noreg, bur det heile 127 millionar menneske der. Japan har dermed rundt 338 menneske per kvadratkilometer, opp mot Noregs skarve 15 (tal frå SSB).

Kultur

Landet har ein sterk kulturtradisjon som lenge fekk utvikle seg isolert frå resten av Asia. Det kjem av isolasjonspolitikken landet har ført, og av at Japan som eit øyrike er fysisk separert frå andre land.

Japansk kultur er i dag utruleg populær i Vesten: Vi trener japanske kampkunstar, ser på japanske animasjonsfilmar, et japansk sushi, les bøkene til den japanske forfattaren Haruki Murakami, eller lærer å rydde med den japanske ryddeguruen Marie Kondo. Vi har alle høyrt om geishaer, samuraiar, Pokémon og Hello Kitty.

Kva er det som fengjer så mykje med den japanske kulturen? Kanskje er det at det japanske samfunnet liknar vårt såpass mykje at vi kan identifisere oss med det, samtidig som det på andre måtar er ulikt nok til å fascinere?

Likt Noreg eller ikkje?

Som Noreg er Japan eit sekulært demokrati, det er eit velutvikla i-land, det er eit forbrukssamfunn og eit teknologisamfunn. Samtidig er dei kulturelle uttrykka framande for oss. I templa sel prestar Hello Kitty-amulettar, arbeidsdagen og skuledagen varer til langt utpå kvelden, maten bringar heilt andre smakar, og i spelverda har selskap som Nintendo gong på gong sprengt kreative grenser vi berre kan drøyme om.

På kva måtar liknar den norske kulturen på den japanske, og på kva måtar liknar han ikkje? Dette skal vi utforske.

CC BY-SASkrive av Julie Spro.
Sist fagleg oppdatert 23.06.2021

Læringsressursar

Kultur og kulturfenomen