Hopp til innhald

Fagstoff

Natur og miljø i Japan og Noreg

Noreg og Japan har ein del fellestrekk når det gjeld utforminga av naturlandskapet. Vi har begge lange kystlinjer og høge fjell, og landa våre er langstrekte med eit klima som er ganske ulikt frå nord til sør.
Mann et ein appelsin på ein fjelltopp. Eit par ski er stilte opp mot ein varde ved sida av han. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Noregs forhold til naturen

Noreg er vide kjent for den vakre naturen sin: fjord, fjell, dalar, nordlys og trolske skogar. Stolte over eigen natur traskar nordmenn lysløyper, klatrar opp på fjelltoppar og held i alle moglege høve til på hytta. Denne skal helst liggje i naturlege omgivnader, borte frå busetnad og ikkje minst andre folk. Med andre ord: Den ville norske naturen er svært viktig for den nasjonale identiteten vår. Det er ingen innvandrarar som er meir velkomne enn dei som spenner på seg ski og tek seg ein tur ut i marka – då er du integrert!

Forholdet japanarar har til naturen

Japanarar har òg eit nært forhold til naturen, men mens vi i Noreg dyrkar villskapen og det urørte landskapet, har japanarane gjort det til ei kunstform å temje naturen. La oss sjå nærare på eit godt døme på dette, nemleg bonsai-treet. Dette treet, planta i ei svært lita potte og kontinuerleg skore, skal symbolisere ei førestilling om det enkle og reine. Treet når aldri den fulle forma si, verken i storleik eller talet på greiner, men det som skal stå att, er den reine "essensen" til treet. Ein dyrkar "idealet" til naturen.

Japansk hage med klassisk japansk tehus og blomstrande tre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit anna døme er den populære japanske tehagen, som skal vere eit lite miniunivers av elementa i naturen. Ein japansk hage skal ha element av stein, plantar og vatn, gjerne ispedd japanske steinlykter, små stiar og kanskje ei lita bru. Han skal vere asymmetrisk og sjå "naturleg" ut, men i ei tamd og idealisert form. Vi kan med andre ord sjå ein likskap i at både japanarar og nordmenn knyter den nasjonale identiteten sin til naturen i landet, samtidig som vi ser ein forskjell i korleis dette blir uttrykt i praksis.

Reflekter!

Sjølv om nordmenn liker vill natur når vi er ute på tur, er vi kanskje likevel opptekne av at vår eigen hage ikkje skal vekse seg altfor vill. Korleis ser ein typisk norsk hage ut?

Japanske hagar har vorte ganske så populære òg i Noreg, noko som viser seg både i form av japanske kirsebærtre og ein auke i interessa for karpedammar og zen-hagar i stein. Kva kan det kome av, trur du?

Samanheng mellom kultur, miljø og berekraft

Kulturar legg sosiale føringar for menneske, det vil seie at handlingane våre i dagleglivet ber preg av den kulturelle og sosiale oppveksten vår. Men desse føringane treng ikkje alltid slå ut på den måten vi trur. Ein kan kanskje tenkje seg at ein kultur der folk identifiserer seg med og er stolte av naturen sin, òg er ein kultur som er oppteken av berekraft og miljø. Dette viser seg ikkje nødvendigvis å vere tilfellet.

Den norske sosialantropologen og japaneksperten Arne Kalland har skrive fleire bøker om forholdet japanarane har til både natur og miljø. Spesielt har han teke for seg nettopp denne antakinga om at kjærleik til natur resulterer i eit berekraftig og miljøvenleg samfunn.

Mange som har studert ulike kulturar og forholdet deira til natur, har gjerne delt samfunn inn i økosentriske og antroposentriske samfunn. Økosentriske samfunn ser på mennesket som ein integrert del av naturen, der mennesket tilpassar seg økosystemet rundt seg, mens antroposentriske samfunn behandlar naturen som ein ressurs mennesket kan utnytte. Kalland hevda nemleg at den japanske kjærleiken til naturen er knytt til estetikk og det åndelege, snarare enn til miljøomsyn og berekraft, og at Japan dermed er eit antroposentrisk samfunn (Kalland 2005).

Litteratur

Kalland, A. (2005). Natur og nasjonalisme i Japan. I T. Grønneberg (Red.), Vinduer mot Japan. Trondheim: Tapir Akademisk Forlag.

CC BY-SASkrive av Julie Spro.
Sist fagleg oppdatert 25.06.2021

Læringsressursar

Kultur og kulturfenomen