Hopp til innhald

Du er no inne i ein læringssti

Set opp den eksterne resultatrekneskapen

CC BY-SA

Kontorvikar AS har lånt pengar i banken. I samtale med banken skal eigarane presentere rekneskapen for det første driftsåret.

Oppgåver og aktivitetar

Korleis vil du setje opp den eksterne resultatrekneskapen?

Kontorvikar AS skal presentere resultatrekneskapen for banken. Dei har ført alle bilag og avslutta rekneskapen for 20xx. No skal tala setjast opp rett, i samsvar med rekneskapslova, slik at banken får ei forståing av økonomien.
Smilande kvinne med headset ved ein arbeidspult i eit opent kontormiljø. Foto.

Oppgåve

  1. Sorter og set opp tala i ein ekstern resultatrekneskap. Driftsresultatet må du sjølv berekne.

Tal frå resultatrekneskapen til Kontorvikar AS 20xx
TekstKroner
Lønnskostnader984 000
Anna driftsmateriell48 000
Andre driftskostnader9 900
Salsinntekter1 452 000
Skatt49 000
Rentekostnader5 900
Husleige96 000
Avskrivingar23 800
Marknadsføring18 900
Renteinntekter990
  1. Presenter og forklar den eksterne rekneskapen til ein medelev, som tek rolla som banktilsett.

  2. Berekn resultatgraden, og vurder denne.

Løysingsforslag

Filer

CC BY-SASkrive av Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 13.05.2022