Avskrivingar
Rekneskapen i ei bedrift skal vise eit riktig bilete av resultatet av drifta, og verdien av eigedelar og gjeld. Vi bruker avskrivingar i rekneskapen til å hjelpe oss med dette arbeidet.
Avskrivingar er ein rekneskapsmessig kostnad som viser at ein eigedel blir mindre verd. For at ei bedrift skal definere noko som ein eigedel, skal han ha ein varig verdi, det vil seie at han skal kunne vare i minst 3 år. Kostprisen til eigedelen skal òg vere minst 15 000 kroner (2021).
Ting som blir kjøpt inn til bedrifta, og som anten ikkje har varig verdi eller kostar mindre enn 15 000 kroner, blir ikkje rekna som eigedelar. Slike ting skal kostnadsførast med éin gong.
Det er viktig at eigedelane i ei bedrift har riktig verdi i rekneskapen. Dersom investorar skal kjøpe aksjar i ei bedrift, må dei vite kva verdiar som finst i bedrifta. Det er òg viktig at materielle verdiar, som bilar og maskinar, står oppførte med riktig verdi i rekneskapen, i tilfelle dei skal seljast.
Du bør kjenne til to ulike måtar å berekne avskrivingar på, lineær avskriving og saldoavskriving.
Ved lineær avskriving avskriv bedrifta eigedelen med eit like stort beløp kvart år. For å berekne det årlege avskrivingsbeløpet tek bedrifta verdien av eigedelen og deler på talet på år eigedelen er forventa å vare.
Døme: Bedrifta har kjøpt ein kopimaskin som skal avskrivast. Dei vel lineær avskriving i rekneskapen. Kopimaskinen kostar 50 000 kroner og skal avskrivast over 5 år. Det betyr at avskrivingskostnaden kvart år er innkjøpsprisen delt på 5. I dette tilfellet blir avskrivingskostnaden 10 000 kroner kvart år, som det går fram av tabellen under.
År | Verdi på starten av året (kr) | Avskrivingssats (del av innkjøpsverdi) | Avskriving (kr) | Restbeløp på slutten av året (kr) |
---|---|---|---|---|
1 | 50 000 | 1/5 | 10 000 | 40 000 |
2 | 40 000 | 1/5 | 10 000 | 30 000 |
3 | 30 000 | 1/5 | 10 000 | 20 000 |
4 | 20 000 | 1/5 | 10 000 | 10 000 |
5 | 10 000 | 1/5 | 10 000 | 0 |
Ved saldoavskrivingar blir eigedelen avskriven prosentvis likt kvart år. Kronebeløpet som eigedelen blir avskriven med, blir då høgast første år og lågare for kvart år som går.
Når du skal saldoavskrive, kan du bruke avskrivingssatsane til Skatteetaten. Prosentsatsane er ulike for ulike kategoriar av eigedelar. For ein kopimaskin kan du bruke 30 prosent. Då blir utrekningane for kopimaskinen slik som i tabellen under.
År | Verdi på starten av året (kr) | Avskrivingssats (%) | Avskriving (kr) | Restbeløp på slutten av året (kr) |
---|---|---|---|---|
1 | 50 000 | 30 | 15 000 | 35 000 |
2 | 35 000 | 30 | 10 500 | 24 500 |
3 | 24 500 | 30 | 7 350 | 17 150 |
4 | 17 150 | 30 | 5 145 | 12 005 |
5 | 12 005 | 30 | 3 602 | 8 404 |
Når du bruker saldoavskriving, blir etter kvart restbeløpet veldig lite. Bedrifta kan avskrive heile beløpet når det kjem under 15 000 kroner. I dette tilfellet kan bedrifta velje å avskrive 17 150 kroner i det fjerde året, eller 12 005 kroner i det femte året.
Tenk over
Kva avskrivingsmetode synest du viser den mest riktige verdien på eigedelen?