Rekneskapen i butikken til Annelise
Når Annelise har gode rutinar på å avslutte rekneskapen kvar månad, kan ho samanlikne resultata i løpet av året.
Balansen
Desse balansepostane har Annelise per 1. juni 20xx:
inventar: kr 200 000
varebehaldning: kr 550 000
bankinnskot: kr 250 000
banklån: kr 750 000
eigenkapital: kr ?
Kontoar i rekneskapen
I tillegg bruker Annelise desse kontoane i rekneskapen:
skuldig skattetrekk
utgåande mva.
inngåande mva.
oppgjerskonto mva.
skuldig arbeidsgivaravgift
kommen arbeidsgivaravgift
skuldig feriepengar
salsinntekter
varekjøp
lønn
feriepengar
arbeidsgivaravgift
avskriving på inventar
husleige
marknadsføringskostnader
andre driftskostnader
rentekostnader
Set inn namn og nummer på kontoane du skal bruke.
Før inngåande balanse og dei økonomiske forretningstilfella for juni.
Avslutt rekneskapen.
Kommenter resultatet og balansen.
I juni 20xx har Annelise følgjande forretningstilfelle i butikken:
Alle salsinntekter er inklusiv 25 % utgåande meirverdiavgift.
2.6. Salsinntekt: kr 150 000
3.6. Betaler husleige: kr 30 000
5.6. Salsinntekt: kr 120 500
6.6. Betaler renter (kr 2 500) og avdrag (kr 5 500) på lån
12.6. Betaler reklamebyrå for sommarkampanje: kr 18 500 (inkl. mva.)
13.6. Salsinntekt: kr 130 500
15.6. Betaler leverandør: kr 55 600 (inkl. mva.)
15.06. Lønn. Før inn tala frå tabellen inn på kontoane:
Brutto lønn | 160 160 kr |
---|---|
Netto lønn | 123 200 kr |
Skattetrekk | 36 960 kr |
Arbeidsgivaravgift, 14,1 % | 22 582 kr |
Feriepengar, 12 % | 19 219 kr |
Arbeidsgivaravgift av feriepengar | 2 709 kr |
20.6. Salsinntekt: kr 90 500
30.6. Internt bilag: avskriving inventar: kr 13 000
30.6. Overført utgåande mva.
30.6. Overført inngåande mva.