Rekneskapen i praksisbedrifta
Alle bedrifter fører rekneskap. Rekneskapsføring gir oss informasjon om kva for nokre inntekter og kostnader vi har hatt, og vi får ei oversikt over eigedelar, gjeld og eigenkapital. Du skal i denne oppgåva utforske korleis praksisbedrifta di fører rekneskap og fakturerer, og korleis rekneskapen blir rapportert til leiinga og eventuelt styret i bedrifta.
I praksisbedrifta di er det éin eller fleire som jobbar med økonomi og rekneskap. Du må få hjelp frå dei til å løyse oppgåva.
Har bedrifta eigne tilsette som fører rekneskapen, eller nyttar dei eit rekneskapskontor?
Har bedrifta kundar som dei sender fakturaer til? Undersøk i så fall kva rutinar bedrifta har på betalingsfristar og purring.
Ta utgangspunkt i årsrekneskapen til bedrifta, og finn dei følgande hovudpostane i resultatrekneskapen:
Kalkulasjon | Kroner |
---|---|
Sum driftsinntekter | |
Varekostnader | |
Lønskostnader | |
Avskrivingar | |
Andre driftskostnader | |
Driftsresultat | |
Sum finansinntekter | |
Sum finanskostnader | |
Resultat før skattekostnad | |
Skatt | |
Årsresultat |
Ta utgangspunkt i årsrekneskapen til bedrifta og finn dei følgjande hovudpostane i balansen:
Balanse | Kroner | |
---|---|---|
Eigedelar | Sum anleggsmidlar | |
Sum omløpsmidlar | ||
Sum eigedelar | ||
Eigenkapital og gjeld | Eigenkapital | |
Langsiktig gjeld | ||
Kortsiktig gjeld | ||
Sum eigenkapital og gjeld |
Korleis blir rekneskapstala gjennom året rapporterte til leiinga og styret? Blir det laga rekneskap månadleg, kvartalsvis og halvårleg?
Kva synest du om økonomien i bedrifta?