Hopp til innhald
Oppgåve

Rekneskapen til Henriks skatebutikk

Henrik driv skatebutikk i Stavanger. Han sel rullebrett, klede og utstyr til skatarar. I vintermånadene er det vanlegvis stille. Han har derfor starta nettbutikk, og hadde vintersal i januar. Han er no spent på det økonomiske resultatet for månaden.

Balansen

Desse balansepostane har skatebutikken per 1. januar 20xx:

  • varebehaldning: kr 250 000

  • inventar: kr 300 000

  • kontantar: kr 5000

  • banklån: kr 520 000

  • bankinnskot: kr 400 000

  • eigenkapital: kr ?

Kontoar i rekneskapen

I tillegg til kontoane i balansen bruker Henrik desse kontoane i rekneskapen:

  • privatkonto

  • salsinntekter

  • husleige

  • straum

  • andre driftskostnader

  • rentekostnader

I januar 20xx har Henriks skatebutikk følgjande forretningstilfelle:

2.1. Betaler på via nettbanken fakturaer som har komme på e-post, med betalingsfrist same dato:

  • husleige: kr 10 000

  • straum: kr 3500

3.1. Registrerer salsinntekt i nettbanken: kr 15 000

5.1. Betaler avdrag og renter på lån i nettbanken

  • avdrag: kr 6 000

  • renter: kr 1 500

6.1. Registrerer salsinntekt i nettbanken: kr 7 500

10.1. Overfører til privat bruk: kr 10 000

13.1. Registrerer salsinntekt i nettbanken: kr 12 500

20.1. Overfører til privat bruk: kr 10 000

Arbeidsbok i Excel

Oppgåve

  1. Før inngåande balanse.

  2. Før forretningstilfella i januar.

  3. Overfør saldo på privatkonto til eigenkapitalkonto.

  4. Avslutt rekneskapen.

  5. Kva synest du om resultatet for butikken i januar?

Løysingsforslag