Kontoplan og kontoklasser
Kontoplanen viser alle kontoane i ei systematisk oversikt. Dei fleste norske bedrifter nyttar ein standard kontoplan som heiter NS 4102. "NS" står for Norsk Standard.
Kontoklasse 1 og 2 viser kontoane i balansen. Vi nyttar éin konto for kvar type eigedel, gjeld og eigenkapital.
Eigedelar | Eigenkapital og gjeld |
Klasse 1 | Klasse 2 |
Eigedelane står i debet (i pluss), og summen balanserer med eigenkapital og gjeld, som står i kredit (i minus).
Det er dei "same pengane" som står på begge sidene av balansen:
- Kreditsida
- viser kor pengane kjem frå, i form av eigenkapital og gjeld (framandkapital). Ho viser med andre ord korleis pengane er skaffa, eller korleis bedrifta er finansiert.
- Debetsida
- viser korleis pengane er nytta, i form av eigedelar. Vi deler eigedelane i anleggsmidlar (kjøpt inn til varig eige og bruk) og omløpsmidlar (eigedelar knytt til varekrinsløpet).
Korleis eigenkapitalen endrar seg, er som regel det som får mest merksemd – i alle fall hos eigarane.
Kontoklassene 3 til 8 er knytte til resultatrekneskapen.
Kostnader | Inntekter |
Klasse 4. Varekostnader | Klasse 3. Inntekter |
Klasse 5. Løn |
|
Klasse 6 og 7. Administrative kostnader |
|
Klasse 8. Renter og skatt |
|
Vi kan dele klassene opp i undergrupper av kontoar ved å nytte fleire siffer i kontonummeret . I kontonummeret viser det første sifferet klasse, det andre sifferet viser gruppe, og det tredje og eventuelt fjerde sifferet viser konto.
Då får vi mellom anna delt opp eigedelane i grupper. Gruppene 11 til 13 er reserverte for anleggsmidlane, mens gruppene 14 til 19 er reserverte for omløpsmidlane. Studer dømet under:
Eigedelar | Eigenkapital og gjeld | ||
Kontonummer | Konto | Kontonummer | Konto |
1230 | Varebil | 2000 | Eigenkapital |
1250 | Inventar | ||
1460 | Varelager | 2200 | Gjeld |
1920 | Bank |
Det same kan vi gjere med resultatrekneskapen. I tabellen under ser du døme på dette. Nokre bedrifter, til dømes bokhandlar, kjøper og sel både avgiftsfrie og avgiftspliktige varer. Bøker er avgiftsfrie, mens på andre varer må dei leggje på meirverdiavgift.
Vi kan òg nytte løn som døme. Ved hjelp av kontoklassene får vi fanga opp lønskostnaden, feriepengar og arbeidsgivaravgifta kvar for seg.
Kostnader | Inntekter | ||
Kontonummer | Konto | Kontonummer | Konto |
4300 | Avgiftspliktig varekjøp | 3000 | Avgiftspliktig sal |
4400 | Avgiftsfritt varekjøp | 3100 | Avgiftsfritt sal |
5000 | Løn |
|
|
5100 | Feriepengar |
|
|
5400 | Arbeidsgivaravgift |
|
|
Dobbel bokføring betyr at vi alltid må føre lik sum til debet og kredit.