Oppgåve
Rekneskapsføring for Sikkerheitsvakt AS
Bjarne og Torhild set opp månadsrekneskap, og i juni har dei hatt oppdrag for ein konsertarrangør i tillegg til dei faste oppdraga.
Sikkerheitsvakt AS har følgande balansepostar per 1. juni 20xx:
bil: kr 450 000
inventar og utstyr: kr 100 000
bankinnskot: kr 75 000
banklån: kr 500 000
skuldig mva. på oppgjerskonto: kr 9 300
eigenkapital: kr ?
Bruk vedlagde arbeidsbok, eller lag di eiga. Start på bilag nr. 125.
Set inn namn og nummer på kontoane du skal bruke.
Før inngåande balanse og dei økonomiske forretningstilfella for juni.
Avslutt rekneskapen.
Kommenter resultatet og balansen.
Dato | Tekst | Beløp i kroner |
---|---|---|
2.6. | Betaler husleige | 10 000 |
2.6. | Betaler forsikring | 1 500 |
6.6. | Sender faktura til kunde Kjøpesenter AS, betalingsfrist 14 dagar. Beløpet er inklusive 25 % mva. | 65 000 |
10.6. | Betaler meirverdiavgift for 2. termin | 9 300 |
10.6. | Lønnsutbetaling til Torhild og Bjarne: | |
Bruttolønn | 66 964 | |
Skattetrekk | 16 500 | |
Feriepengar, 12 % | 8 036 | |
Nettolønn | ? | |
Arbeidsgivaravgift, 14,1 % av brutto lønn | ? | |
11.6. | Sender faktura til Festival AS, betalingsfrist 14 dagar. Beløpet er inklusive 25 % mva. | 34 000 |
15.6. | Betaler avdrag på lån | 2 600 |
15.6. | Betaler rentekostnad på lån | 1 800 |
20.6. | Innbetaling frå Kjøpesenter AS | 65 000 |
20.6. | Bjarne har utlegg til lunsj på kontoret | 450 |
21.6. | Får faktura for breiband. Internettleverandør AS. Blir betalt per 14 dagar. Beløpet er inklusive 25 % mva. | 1399 |
25.6. | Innbetaling frå Festival AS | 34 000 |
30.6. | Avskriving bil | 10 300 |
30.6. | Avskriving inventar | 2 250 |
30.6. | Overfører utgåande mva. | ? |
30.6. | Overfører inngåande mva. | ? |