Oppgåve
Oppgåver om meirverdiavgift
Her skal du repetere det du har lært om meirverdiavgift. Jobb saman to og to, eller arranger ein konkurranse i klassen.
- Kva er meirverdiavgift?
- Kva viser konto 270 Utgåande meirverdiavgift?
- Kva viser konto 271 Inngåande meirverdiavgift?
- Meirverdiavgifta skal spesifiserast på fakturaen. Kva er grunnen til det?
- Forklar korleis meirverdiavgiftsoppgjeret går føre seg.
- Kva viser konto 274 Oppgjerskonto meirverdiavgift?
- Kva situasjon er bedrifta i når konto 274 viser debetsaldo?
- Kor mange avgiftsterminar er året delt inn i?
- Kva er ei mva.-melding?
- Kor skal mva.-meldinga sendast?
- Last ned Excel-fila, og gjer oppgåvene om rekneskapsføring av meirverdiavgift.