Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Memory – omgrep om arvestoff

I dette spelet skal du kople saman omgrep med riktig forklaring. Memoryspelet passar for to personar.
Grøne og kvite spelkort der eitt par er snudd. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Spelmateriell

Vedlagt finn du eit A4-ark med omgrep og eit A4-ark med omgrepsforklaringar (Word og PDF). Skriv ut arka i to forskjellige fargar og klipp opp memory-korta. Legg alle korta opp ned på bordet og bland dei.

Spelereglar for to personar

Den eine spelaren startar med å snu to lappar – ein av kvar farge. Viss forklaringa på det eine ikkje passar saman med omgrepet, legg spelaren dei tilbake med baksida opp. Så er det nestemann sin tur.

Om forklaringa passar saman med omgrepet, tek spelaren vare på stikket og trekkjer to nye lappar. Den som har flest stikk til slutt, vinn.

Ekstra utfordring

For å gjere spelet litt meir utfordrande kan de bestemme at omgrepet skal trekkjast først. Deretter må spelaren gi ei forklaring på omgrepet før han/ho kan trekkje ein lapp med forklaring.

Filer

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle og Hilde Ervik.
Sist fagleg oppdatert 05.01.2020

Læringsressursar

Arvestoffet