Hopp til innhald

Fagstoff

Gen er oppskrift på protein

Eit gen er ein bit av eit DNA-molekyl som inneheld oppskrifta på eit bestemt protein. Proteina speler viktige roller mellom anna for oppbygging, forsvar, regulering og transport i kroppen. Dei ulike proteina er avgjerande for korleis eit individ blir.
Cellekjerne, DNA, mRNA og ribosom som koplar saman aminosyrer. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kommunikasjon i ei celle

Ribosom setter sammen aminosyrer til protein. Illustrasjon.

Behov for eit bestemt protein eller signal frå eit hormon, kan få kjernen til å aktivere eit gen og kopiere oppskrifta over til mRNA. Ved å sende mRNA med proteinoppskrifta ut i cytoplasmaet, gir kjernen ribosoma ordre om å produsere dette proteinet.

Ribosoma er organellar som ved hjelp av enzym koplar saman aminosyrer til eit protein. Rekkjefølgja av aminosyrene er bestemt av (oppskrifta som kjem frå kjernen), og leverer rett aminosyre etter kvart som koden vert "lese" i ribosomet.

Det er proteina som deretter avgjer kva som skal skje i cella, og korleis ein organisme blir. Til dømes avgjer proteina kva hårfarge vi får, eller kor raske og uthaldande vi kan bli.

Cellekjernen beskyttar originaloppskriftene på alle proteina og heile deg. Han er lagra som deoksyribonukleinsyre, forkorta til DNA (DeoxyriboNucleic Acid). Det er berre kopiar av oppskrifta (mRNA) som blir brukte i cytoplasmaet når protein skal produserast.

Eit gen er ein bit av eit DNA-molekyl som inneheld ei oppskrift på eit protein. Genet vert kopiert til mRNA, sånn at ribosoma kan "lese" oppskrifta når dei set saman aminosyrer til eit protein.

Protein

Tertiærstrukturen. Illustrasjon.

I ein menneskekropp er det om lag ein million forskjellige protein som alle har bestemte oppgåver å utføre. Protein er nødvendige for oppbygging og vedlikehald av celler og ulike molekyl, som for eksempel hormon og enzym.

Polypeptidkjeder er samansette av mange forskjellige typar aminosyrer. Dei 20 aminosyrene som er byggjesteinar i kroppen vår, har ulike eigenskapar.

Det er rekkjefølgja, ladninga og utvalet av aminosyrer, samt lengda på polypeptidkjeda som bestemmer korleis kjeda skal kveile seg opp. Dette bestemmer kva for eigenskapar proteinet får, og dermed til dømes om håret ditt skal være krøllete eller glatt.

Ei utstrekt polypeptidkjede er utan biologisk aktivitet og eigentleg ikkje eit protein før ho krøllar seg saman til den nye strukturen. Foldinga til ferdig protein skjer hovudsakleg i golgiapparatet.

Kjede med kuler med bokstavkombinasjonar går gradvis over til å bli ein spiral som i sin tur blir til flak. Spiralane og flaka buktar seg inn i kvarandre. Fire ulike samlingar av spiralar og flak ligg inntil kvarandre. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eksempel på protein

  • Enzym: framskundar biologiske prosessar
  • Oppbyggingsprotein: protein i cellemembranar, skjelett, hår og neglar
  • Transportprotein: er for eksempel hemoglobin i blodet
  • Protein som sørgjer for rørsle: i musklar, flimmerhår, sædcellehalar med meir
  • Forsvarsprotein: antistoff
  • Reguleringsprotein: nokre hormon
  • Transportprotein i cellemembranar: sørgjer for utskiljing og opptak av bestemte molekyl
  • Lagringsprotein: i korn, mjølk, grønsaker og liknande

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 19.12.2019

Læringsressursar

Arvestoffet