Hopp til innhald

Fagstoff

Proteinsyntesen

Proteinsyntesen sørger for bygging av nye protein i cellene heile tida. Ribosoma er dei organellane som kan lage protein av oppskrifta på mRNA. Ein million ulike protein trengst blant anna til transport, dei inngår i immunforsvaret og er byggesteinar for hud, hår og organ.
Cellekjerne, mRNA, aminosyrer og polypeptidkjede. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppskrift frå kjernen til cytoplasma

Sidan dei store DNA-molekyla ikkje kan flyttast ut av kjernen, må DNA-oppskrifta på proteinet kopierast før det kan byggast. Kopieringar går føre seg ved at genet blir transkribert til ved hjelp av enzymet RNA-polymerase.

DNA er bygd opp av basane thymin (T), guanin (G), adenin (A) og cytocin (C). RNA inneheld dei same basane, med unntak av at T er bytta ut med uracil (U), og er enkelttråda.

Når eit mRNA (bodberar-RNA) er ferdig forma i cellekjernen, ber det ein kopi av genet ut gjennom porene i kjernemembranen mot ribosoma i cytoplasmaet, kor proteinsyntesen skjer.

Del av DNA-molekyl blir kopiert. Kopien blir nytta til å setje saman aminosyrer til ei polypeptidkjede. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ribosom les oppskrifta

Ribosoma er dei organellane som kan lage protein av oppskrifta på mRNA. I cytoplasmaet vil eitt eller fleire ribosom kople seg til mRNA (oppskrifta). Mens ribosomet glir langs mRNA-tråden og "les" koden (tre og tre nitrogenbasar), vil tRNA (transportmolekyl) bringe dei riktige aminosyrene til ribosomet.

Dette skjer fordi det berre er det eine tRNA-molekylet med riktig antikodon (tre nitrogenbasar) og riktig aminosyre som får feste seg på det ledige setet i ribosomet.

Det finst 20 ulike aminosyrer, men kvart tRNA-molekyl transporterer berre éin type aminosyre. Når oppskrifta er lest, har vi ei lang rekke med aminosyrer som blir til eit protein når det er folda ferdig.

Ribosom les av mRNA og set saman aminosyrer til eit polypeptid. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Matchande kodar

Med riktig tRNA på plass i ribosomet, vil basane i kodon og antikodon binde seg saman. U (urasil) bind seg til A (adenin), og C (cytosin) bind seg til G (guanin).

Eit stort ribosom omgir mRNA og koplar saman aminosyrene som tRNA kjem med. Illustrasjon.

Når det er to tRNA-molekyl i ribosomet samstundes, vil ribosomet kople saman aminosyrene deira og flytte seg eit hakk vidare på mRNA-strengen. Det første tRNA-et lausnar og er klart til bruk igjen straks det har henta ei ny aminosyre av same sort.

Slik fortset ribosomet å kople saman aminosyrene til ei lang polypeptidkjede etter oppskrifta på mRNA. Det siste kodon på mRNA er eit STOPP-kodon som får polypeptidkjeda og ribosomet til å lausne frå mRNA-et.

Folding til ferdig protein

Til slutt blir polypeptidet folda saman til eit ferdig protein i golgiapparatet. Det er utvalet og rekkefølga av aminosyrer som bestemmer korleis proteinet foldar seg. No blir proteinet aktivt og klart til å utføre oppgåva si i eller utanfor cella.
Det minste proteinet er på cirka 50 aminosyrer (insulin), og er derfor laga frå eit gen på 150 nitrogenbasar pluss start- og stoppkodar. Dei fleste protein er mange gonger større.

Kor mange nitrogenbasar er det i oppskrifta til eit protein med 310 aminosyrer?

Viktige omgrep

Omgrep

Forklaring

mRNA

Messenger-RNA = bodberar-RNA. Det har oppskrift på eit protein.

tRNA

Transport-RNA bringar aminosyrer til ribosomet.

Kvar type tRNA transporterer berre éin type aminosyre.

rRNA

RNA som finst i ribosoma.

kodon

Tre og tre basar på mRNA-et som kodar for ei aminosyre = ein triplett.

antikodon

Dei tre basane på enden av tRNA-et som skal passe til kodonet på mRNA.

triplett

Tre og tre nitrogenbasar.

polypeptid

Mange aminosyrer bundne saman i kjede. Poly = "mange". Når det blir ferdig folda, er det eit protein.

RNA-polymerase

Enzym som deltar i syntesen av mRNA

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 03.01.2020

Læringsressursar

Arvestoffet